Kor er tidsplanen for tiltaka for næringslivet?

Sveinung Rotevatn
Venstre-nestleder og finanspolitisk talsperson, Sveinung Rotevatn., Foto: Helle Frogner

Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn etterlyser tempo og føreseielegheit frå regjeringa. Det hastar med dei kompenserande tiltaka for eit næringsliv som er hardt ramma av koronatiltak.

– Smitteverntiltaka som blei lanserte i går vil medføre eit permitteringsras og massiv omsetnadssvikt i næringslivet. Titusenvis av arbeidstakarar går ei blytung juletid i møte. Derfor er det bra at nødvendige økonomiske kompensasjonsordningar kjem på plass. Vi saknar likevel ein konkret tidsplan. Når skal kompensasjonspengane kome til kommunane?

Når skal kompensasjonspengane kome til kommunane?

Sveinung Rotevatn

Rotevatn meiner regjeringa er raske med praten, men treige i handling:

– Næringsminister Vestre sa før helga at ein milliard kroner allereie stod klare. Betyr det at bedriftene kan få kompensert for sviktande omsetnad allereie før jul? spør Rotevatn, som òg er Venstre sin finanspolitiske talsperson.

Han etterlyser i tillegg lønnsstøtteordninga, som regjeringa ennå ikkje har levert:

– Venstre er òg kritiske til at lønnsstøtteordninga ikkje er på plass. Dette haster for alle som jobbar inæringane som er ramma. For Venstre er det viktigaste at dei som treng hjelp, får det raskt. Arbeidstakarane skal fortsatt ha ein jobb å gå til på andre sida av nyttår.