Naturen har eigenverd og må ikkje ofrast for korttenkte løysingar!

Foto: DEARUnsplash

Den pågåande straumkrisa, kombinert med auka trong for rein energi i åra som kjem har
diverre leia til at ei rekke parti på Stortinget vil ofra uersttalege naturverdiar for korttenkte
løysingar. Bergen Venstre er urokkeleg i si stød til vassdrags- og naturvernet og meiner at
løysingane må finnast andre stader.

Parallelt med klimakrisa er FN like tydeleg på at vi også står overfor ei naturkrise. I løpet av
dei siste 50 åra er verdas dyremangfald redusert med heile 68% og det er kun 11,5% av
fastlands-Noreg som framleis klassifiserast som villmarksprega.

Seinast forrige regjeringsperiode kjempa Venstre igjennom vern av Øystesevassdraget, eit
urøyrd elvesystem som renn fritt frå fjell til fjord. Dei verna naturområda er av stor betyding
for mennesker og dyr som lev i og nyttar naturen.

Skal vi redde kloden må vi anerkjenna naturens eigenverd, og sjå til løysingar som gjer oss
tilstrekkeleg med ny energi og sparar på den energien vi har.

I regjering fekk Venstre vindkraftdebatten inn på eit konstruktivt spor ved å stille nye krav til
vindkraftutbyggingar som skånar sårbare naturområdar mot slike prosjekt. Venstre fekk også
gjennomslag for å gjere det skattemesseg lønsamt å ruste opp eksisterande vannkraftverk
framføre å bygge nye.

Myndigheitane estimerar at vi kan spare 10% av Noregs energiforbruk på effektiviserings-
tiltak åleine. Noreg trenger ei omfattande ENØK-reform der ein grundig evaluerar alle
mogelegheiter for å utnytte eksisterande energiproduksjon og straumforbruk så effektivt som
mogeleg. Bergen Venstre meiner at regjeringa må satse på tiltak som gjer energi-
effektivisering lønsamt, både for bedrifter og private hushald. Her kan styrka støtte-
ordningar gjennom ENOVA vere ei av løysingane.

Som Jens Stoltenberg ein gong sa, men Arbeidarpartiet synast å ha gløymt: Tida for dei store
vasskraftutbyggingane er forbi. Bergen Venstre meiner vi må redde kloden på ein måte som
verner kring naturens eigenverd. Då kan vi ikkje la oss forlede av korttenkte løysingar.

Fråsegnet vart vedteke på Bergen Venstres årsmøte 22.01.22