Venstre vil ha gründervisum

Venstre-representantane Ingvild W. Thorsvik og Alfred Bjørlo., Foto: Bella Engh

– Noreg satsar altfor lite på å tiltrekke seg flinke folk frå utlandet som kan skape nye marknader, tenester og arbeidsplassar, seier Venstres næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo. Venstre foreslår no eit eige gründer-visum og ei rekke andre tiltak for å gjere det lettare for gründerar, investorar og arbeidstakarar frå land utanfor EØS å etablere seg i Noreg.

– Dagens regelverk for folk som ønskjer å kome til Noreg for å bygge seg ei framtid her, er altfor byråkratisk og tungvint. Dei som vel Noreg i dag, gjer det mot alle odds. Bedrifter som finn kompetansemedarbeidarar utanfor EØS, opplever også at prosessen med å få nytilsette til Noreg er byråkratisk og tidkrevjande, seier Bjørlo.

Dei som vel Noreg i dag, gjer det mot alle odds

Alfred Bjørlo

Har ikkje råd til å miste slike folk

Alfred Bjørlo og Venstres justispolitiske talsperson Ingvild Wetrhus Thorsvik, som er medforslagsstillar i Stortinget, meiner det å ha ambisjonar for å drive eigen verksemd og investere i verdiskaping bør kunne vere grunnlag for oppholdsløyve i Norge. Dei viser blant anna til historien om amerikanske Kyle Havlicek-McClenahan. Teknologigründeren blir no kasta ut av landet fordi han ein periode ikkje tente nok på selskapet han starta opp like før pandemien braut ut.

– Problemet her er etter Venstre sitt syn regelverket, ikkje Kyle. Underholdskravet for sjølvstendig næringsdrivande frå land utanfor EØS er fullstendig urimelig under ein pandemi. Gründerar har, som store delar av resten av næringslivet, fått reduserte inntekter på grunn av smitteverntiltak. Som ekstrastraff mistar gründarar med utanlandsk opphav også retten til opphold.

– Venstre synst ikkje vi har råd til å miste slike folk. Noreg er avhengig av nyskaping og innovasjon. Vi treng fleire som vil satse på og investere i nye bedrifter, ikkje færre, seier Alfred Bjørlo og Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Noreg lite attraktivt

– I Norge evnar vi altfor lite å gripe dei mulegheitene ressurssterke og initiativrike innvandrarar gir oss. Vi møter folk frå utlandet med mistenksomheit, ikkje med tillit. Det gjer oss til eit lite attraktivt land å etablere seg i. Slik kan vi ikkje fortsette. Sjølv om Norge er en liten økonomi, opererer næringslivet vårt i internasjonale marknader. Vi er avhengige av å få tak i spisskompetent arbeidskraft frå heile verda, seier Alfred Bjørlo.

Vi er avhengige av å få tak i spisskompetent arbeidskraft frå heile verda

Alfred Bjørlo

Han meiner mykje kan gjerast for at fleire skal kunne skape arbeidsplassar og investere i norsk næringsliv:

– Vi kan sjå til Sverige, der det har blitt satsa systematisk på å tiltrekke seg kloke hovud og flinke hender. Eller USA – halvparten av alle teknologiarbeidarar og entreprenørar i Silicon Valley er utanlandsfødde. Land som Canada, USA og Tyskland har allereie visum for investorar.

Dette er Venstre sine forslag:

1) Eit eige visumprogram for gründerar og investorar frå land utanom EØS-området, for å gjere det enklare og meir fleksibelt for desse to gruppene å etablere verksemd i Noreg.

2) Eit eige visumprogram for forskarar for å gje fleire yrkesakademikarar moglegheit til å arbeide i Noreg.

3) Ein strategi for å styrke etablerertenestar og vekstmoglegheit for verksemder etablert av internasjonale gründerar i Noreg.

4) Ein strategi for å tiltrekke seg fleire internasjonale investorar til Norske vekstselskap.

5) Forenkle søknadsprosessar og redusere sakshandsamingstid for arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS.

6) Ei rådgivingsteneste for arbeidsgivarar som ønsker å rekruttere etterspurde kompetansemedarbeidarar med etterspurte tekniske, akademiske eller praktiske dugleikar frå land utanfor EØS. Slik at arbeidsgivarar kan forhalda seg til den den rådgjevande eininga framfor å måtte hente inn informasjon på tvers av NAV, kommune, UDI og skatteetaten.