Landsstyret: Ingen fleire nedstengingar

No må samfunnet opne opp., Foto: iStock

Når samfunnet no opnar opp etter omikron-smittetoppen, må regjeringa vedta ein tydeleg exit-strategi frå pandemien. Målet med strategien må vere klart: Ingen fleire nedstengingar av samfunnet.

Då koronapandemien for alvor råka Noreg vinteren 2020, var det mykje vi ikkje visste. Men det vi visste var at ein svært smittsam sjukdom skapte kaos i andre land, at helsevesen braut saman, og at mange var utsatt for alvorleg sjukdom og dødsfall. Det var riktig å ta i bruk svært strenge smitteverntiltak i denne situasjonen, ikkje minst sidan det ikkje eksisterte nokon vaksine mot viruset.

No veit vi meir. Vi veit korleis vi kan behandle korona, vi veit korleis det spreier seg, og vi har vaksinert nær sagt heile befolkninga både to og tre gonger. I ein slik situasjon meiner Venstre at det ikkje lenger er forholdsmessig å ta i bruk drastiske innskrenkingar i individuell fridom for å unngå smittespreiing.

Vi må ganske enkelt lære oss å leve med viruset. Nye mutasjonar vil truleg oppstå, og oppfrisking av vaksinedosar vil vere nødvendig. Men det vesentlege framover er at regjeringa organiserer helsevesenet på ein måte som gjer at ein klarer å ta unna framtidige smittebølger på ein akseptabel måte, og at ein ikkje tar i bruk inngripande tiltak etter smittevernlova mot eit virus som ein faktisk har vaksinar mot.

Intensivkapasiteten på norske sjukehus må få auka ressursar. Etter Venstre sitt syn er det eit vel så stort behov for å organisere arbeidet på ein måte som gjer at ein kan skalere opp kapasiteten ved behov. Å drive med vedvarande overkapasitet er inga god løysing.

Andre land klarer å organisere dette på ein annan og tilsynelatande betre måte. I Sverige har ein til dømes dobbelt så høg intensivkapasitet per sjukepleiarårsverk som Noreg. Det har å gjere med at ein brukar andre utdanningsgrupper som helsefagarbeidarar som del av beredskapen, samt at ein organiserer turnusar på ein annan måte. Dette må vere mogleg å få til også i Noreg, som har flest sjukepleiarårsverk per innbyggar i OECD.

Vi har truleg berre sett starten på utfordringane pandemien har gitt oss, både kva gjeld ulike kriseråka sektorarar i økonomien, barn og unge, kulturliv, idrett og frivilligheit og enkeltmenneske som slit med psykisk helse. Framover må det offentlege stille opp med nødvendige støttetiltak, og vi må alle stille opp som medmenneske. Særleg hastar det med tiltakspakkar for kulturlivet og frivillig-Noreg, for å unngå at mange frivillige lag og organisasjonar blir sett fleire år tilbake i utvikling.

Venstre vil:

  • Oppheve dei gjenverande nasjonale smitteverntiltaka
  • Løyve 500 millionar kroner til sommarskule og andre tiltak for å ta igjen tapt læring for elevane
  • La den kommunale kompensasjonsordninga vare fram til sommaren, for å hjelpe bedrifter som fell utanom andre støtteordningar
  • Ruste opp psykisk helsevern og gi nødvendig støtte og hjelp til dei som slit med etterverknadar av nedstenginga
  • Løyve nødvendige midlar til tiltakspakkar som treff det frivillige kulturlivet, idretten og andre frivillige lag og organisasjonar, for raskast råd å få tilbake full aktivitet i kulturlivet, idretten og frivillig-Noreg for øvrig
  • Oppmode regjeringa til å vedta ein ny strategi for handtering av koronapandemien vidare, der målet skal vere at det ikkje skal gjennomførast fleire nasjonale nedstengingar
  • Utarbeide planer for handtering av framtidige pandemiar basert på erfaringar frå Norge og utlandet