Bjørlo: – Flagget til topps for Gram og Vestland

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Venstre., Foto: Helle Frogner

– Eg og Venstre er glade for at Kommunalminister Bjørn Arild Gram no er krystallklar: Vestland fylke er etter regjeringa sitt syn ikkje tvangssamanslått, og oppløysing av Vestland er dermed ikkje tema, seier Sogn og Fjordane-representant Alfred Bjørlo.

Bjørlo er letta etter at kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) i svar på eit skriftleg spørsmål stadfestar at prosessen regjeringa har sett i gang med å opne for oppløysing av fylke ikkje omfattar Vestland – men avgrensar seg til dei fire nye fylka Viken, Innlandet, Troms/Finnmark og Vestfold/Telemark.

Vi i vest kan no bruke tida på å utvikle oss

Alfred Bjørlo

– No kan vi nytte alle kreftene på å byggje oss sterkare saman. Vestland fylke har i åra framover tidenes sjanse til å bli fremst i Noreg på ny grøn næringsutvikling og moderne distriktspolitikk. Vi i vest kan no bruke tida på å utvikle oss, medan Nord-Noreg og Austlandet brukar tid, pengar og krefter på skilsmisser og oppbygging av nytt byråkrati, seier Bjørlo.

Tid for å sjå framover

Spørsmålet vart stilt på bakgrunn av at Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum sist veke sa til NRK at han berre såg på Trøndelag og Agder som frivillige fylkessamanslåingar. I kjølvatnet av dette har også lokale Sp-folk i Sogn og Fjordane på nytt forsøkt å blåse liv i debatten om oppløysing av Vestland.

– Svaret frå Kommunalminister Gram ryddar opp i spørsmålet. Gram stadfestar i svaret at Vestland ikkje er tvangssamanslått og dermed heller ikkje del av den oppløysingsprosessen regjeringa har sett i gong.

No handlar det om å byggje eit sterkare Vestland som dreg saman frå Stad til Sveio

Alfred Bjørlo

– Eg vonar også lokale Sp-folk i tidlegare Sogn og Fjordane no respekterer svaret frå sin eigen statsråd. Tida er inne for å sjå framover og byggje oss sterkare i lag, ikkje marle på med evige omkampar. No handlar det om å byggje eit sterkare Vestland som dreg saman frå Stad til Sveio, seier Alfred Bjørlo.