Venstre vil ha plan for full breibandsdekning innan 2025

Alfred Bjørlo: Norge inn i gigabitsamfunnet, Per-Otto Oppi Christiansen/NHO

– No må regjeringa gire om frå revers til racerfart i distriktspolitikken. Breiband over heile landet er mulig innan 2025, og er det beste og mest konkrete tiltaket for å løfte verdiskapinga over heile landet, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Venstre la i dag fram eit forslag i Stortinget om ein plan for korleis Noreg kan få full breibandsdekning innan 2025, og ta ut størst mulig samfunns- og klimagevinstar av dette.

– Å auke tempoet i breibandsutbygginga fram mot 2025, vil ha høgare samfunnsmessig avkasting enn dei fleste andre investeringar staten gjer. Ein ny rapport frå NHO, KS, Abelia og Nelfo, syner at framskunding av full breibandsdekning frå 2035 til 2025 kan gi ein meirvekst i verdiskaping i fastlandsøkonomien på heile 75 milliardar kroner, seier Bjørlo.

– Breibandsutbygginga i Noreg har til no hovudsakleg vore finansiert av marknaden. Det har fungert godt og auka fiberdekninga i raskt tempo, men husstandane og verksemdene som no gjenstår vil vere meir kostbare å nå. For å auke dekningsgraden opp mot det som skal til for å sikre full breibandsdekning (1 Gbit/s for 95% av husstandane og 100 MBit/s for dei resterande 5%), vil det i sluttfasen av utbygginga krevast større bidrag frå det offentlege, slår Alfred Bjørlo fast.

Viktig klimatiltak
– Full breibandsdekning og digitalisering vil også vere viktig for å lukkast med klimakutt og omstilling til eit grønare næringsliv over heile landet. Digitalisering kan melllom anna bidra til å redusere trongen for persontransport, effektivisere varetransporten og redusere forbruket av varer og tenester med høge klimaavtrykk. Potensialet for databasert verdiskaping kan vere så høgt som 300 milliardar NOK – sju prosent av BNP – allereie i 2030 i følgje ein rapport frå Menon, meiner Bjørlo.

Samfunnsgevinstane
– Digitalisering og digital teknologi har dei siste tiåra endra samfunnet i eit enormt tempo, seier Alfred Bjørlo. Han syner til rapporten «Ekom-sektorens betydning for norsk økonomi», der dei fortel at digitalisering har bidrege til heile 80 prosent av den årlege gjennomsnittlege produktivitetsveksten i norsk økonomi sidan 2003.
– Alt tilseier at digitaliseringa sine bidrag til økonomisk vekst og samfunnsnytte vil forsterkast ytterlegare i åra framover, både i offentleg og privat sektor. Det vil skje gjennom utvikling av heilt nye digitale løysingar og produkt, effektivisering av oppgåver som allereie er digitale, bruk av kjend teknologi på nye område og bruk av digital teknologi på bruksområde vi enno ikkje kjenner i dag, seier Alfred Bjørlo
– Denne rivande utviklinga må heile må heile landet kan vere med på. Då er ein god digital infrastruktur over heile landet ein føresetnad. Analyser gjort på oppdrag av NHO, Abelia, KS m fl syner at for å nå ambisjonen om full breibandsdekning i Noreg (gigabit-samfunnet), definert som 95% dekning av breiband med minst 1 Gbit/s (fiber/kabel-TV) og minst 100 Mbit/s for dei resterande 5% av husstandane (mobile løysingar), krevst det samla offentlege og private investeringar på ca 12 mrd kr.

Utbygging i dag
I 2021 har 86,5 % av alle husstandar tilbod om breiband med nedlastningsfart på minst 1 Gbit/s. Ca 75% av alle husstandar har eller har mulegheit til å koble seg på fibernett. (Nkom, oktober 2021). Fiberdekninga har auka frå 50 til 75% på berre to år (2019 til 2021).
I åra 2016-2020 vart det investert ca. 50 milliardar NOK i breibandsutbygging i Noreg, kor bidraget frå staten utgjorde ca. 1,4 milliardar NOK.