Fråsegn: Ein ruspolitikk som får ned overdosane

Venstre

Årsmøtet i Vestland Venstre vedtok søndag følgjande fråsegn:

Fleire tiår med feilslått ruspolitikk har smertefullt lært oss at forbodslinja ikkje fungerer. Vestland Venstre vil føra ein human ruspolitikk tufta på skadereduksjon og kunnskap.

I 2020 døydde 324 menneske av overdose i Noreg, og 39 av desse i Vestland. No er det på tide å handla. Ruspolitikk bør ikkje handla om moralisering og statistiske mørketal. Det må alltid fokusera på menneska bak rusen. Den beste måten me kan løysa problemet på er å møta dei rusavhengige med eit verdig hjelpetilbod – eit tilbod me ville gjeve alle andre menneske om dei var sjuke og trong pleia.

Det regjeringsoppnemnde rusreformutvalet gav i desember 2019 frå seg ei grundig NOU som tydeleg slår fast at straff ikkje fungerer. Det får ikkje ned rusbruken i samfunnet. Stigmaet rundt rusavhengnad må vekk og terskelen for å be om hjelp må vera låg. Då kan ikkje rusproblem vera eit hinder for å søka hjelp. Dette inneber at det må vere frivillig å møte opp til kommunal rådgivning om rusbehandling.

Den blågrøne regjeringa som Venstre sat i gjennomførde i perioden 2016-2020 ei betydeleg opptrapping innan rus og psykisk helse. Kommunane vart tilførte 2,4 milliardar kroner for å auka kompetansen og behandlingstilbodet innanfor rusfeltet. Sluttrapporten frå FAFO viser mellom anna at det i opptrappingsperioden har vore ei betydeleg utvikling på rusfeltet i mange kommunar, men at vidare satsing er nødvendig dersom alle med rusmiddelproblem og pårørande deira skal motta dei tenestene dei har behov for. Vestland Venstre vil forsterka satsinga på rusfeltet i Vestland, mellom anna gjennom eit utvida LAR-tilbod.

Fordi forbodspolitikken gjennom fleire tiår ikkje har gitt dei resultata ein har håpa, har fleire land freista å seg med andre tilnærmingar. Regulert omsetning av rusmiddel som i dag er illegale kan sørga for at innhaldet av virkestoff kjem under kontroll og at inntektene frå omsetninga vert tatt bort frå dei kriminelle nettverka, og heller kan koma felleskapen til gode.

Vestland Venstre vil:

  • Gjennomføra ei rusreform som går frå straff til hjelp
  • Utvide tilbodet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og tillata fleire medikament i ordninga
  • Regulere illegale rusmiddel med mål om skadereduksjon
  • Gjennomføre eit prøveprosjekt med eigne utsalsstader for rusmiddel med lågt skadepotensiale i Vestland
  • Opprette brukarrom i det største byane og bygdene der ein ser det som hensiktsmessig.
  • Innarbeide rusarbeid i folkehelsesatsinga i Vestland