Fråsegn: Nei til kraftutbygging i verna vassdrag – Hent fornybar kraft som er tilgjengeleg

Vassdrag
Venstre er ein aktiv forsvarar av vassdragsvern. , Foto: Sogndal Venstre

Årsmøtet i Vestland Venstre vedtok søndag følgjande fråsegn:

Vestland Venstre meiner det er eit feilspor frå fleire parti på stortinget som no går inn for kraftutbygging i verna vassdrag. Dei er villige til å ofra uersattelege naturverdiar for korttenkte løysingar. Vestland Venstre er urokkeleg i si støtte til vassdrags- og naturvernet og meiner at løysingar må finnast på anna vis!

Venstre vil auke produksjonen av fornybar kraft i Norge. Dette må gjerast utan å øydelegge verneverdig natur. Dette er mogleg ved å auke kraftproduksjonen i vassdrag som allereie er utbygd, gjennom nye røyrgater og fleire turbinar, investere i ny teknologi og bygge ut betre linjenett. NVE viser til at det er eit potensial på ny vasskraft dei næraste åra på omlag 10 twh (10 mrd kwh). Med Venstre i regjering vart det skattemesseg lønsamt å ruste opp eksisterande vasskraftverk framfor å bygge nye. Venstre fekk også vindkraftdebatten inn på eit konstruktivt spor ved å stille nye krav til vindkraftutbyggingar som skåner sårbare naturområder mot slike prosjekt. Når ein må gjere inngrep, til dømes velje mellom kraftlinetrasear, må ein sikre at inngrepa i minst mogleg grad fortrenger viktige naturkvalitetar, friluftsliv mv. Der kommunen det gjeld set seg i mot inngrep i viktige naturkvalitetar, skal dette i all hovudsak respekterast av statleg mynde.

Auka satsing på havvind, solenergi og energieffektivisering vil bidra til auka kraftforsyning. Myndigheitene estimerer at vi kan spare 10% av energiforbruk i Norge på effektiviseringstiltak åleine. Vi treng ei omfattande ENØK-reform med mål om å utnytte eksisterande energiproduksjon og straumforbruk så effektivt som mogeleg. Vestland Venstre meiner at regjeringa må satse på tiltak som gjer energieffektivisering lønsamt, både for bedrifter og private hushald. Her kan styrka støtteordningar gjennom ENOVA vere ei av løysingane.

Som Jens Stoltenberg ein gong sa, men Arbeiderpartiet verkar å ha gløymt: Tida for dei store vasskraftutbyggingane er forbi! Verda står midt i ei naturkrise, der no også villaksen har hamna på raudlista. Vi MÅ ta vare på naturen vår! Venstre vil synleggjere kva dei store verdiane frie vassvegar betyr, ikkje berre for insekt, fuglar, fisk og andre dyr, men også for reiseliv, friluftsliv, lokal næringsutvikling og for folkehelse. Venstre vil at nye generasjonar skal få oppleve fritt vatn, strie straumar og hoppande laks i sunne økosystem!

Difor meiner Vestland Venstre at vi skal forbetre linjenett, ruste opp gamle kraftverk, satse på ENØK, havvind og solenergi, og difor slår Venstre ring om dei verna vassdraga og naturen vår!