– Gi statleg tilsette «flytterett til eigen jobb»!

Alfred Bjørlo er Venstre sin representant frå Sogn og Fjordane., Foto: Helle Frogner

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (Venstre, Sogn og Fjordane) utfordrar fredag 18. mars regjeringa til å setje fart i arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, og gi statleg tilsette få «flytterett til eigen jobb» dersom dei vil flytte ut av dei største byane.

Bjørlo tar opp saka i form av ein interpellasjon som Kommunal- og distriktsminister Bjørn Tore Gram (Sp) må svare på i Stortinget 18. mars, og der alle andre stortingsrepresentantar kan delta i debatten etterpå.

– Desentralisering av statlege arbeidsplassar er svært viktig for å skape ein variert arbeidsmarknad i distriktsregionar over heile landet, og ein nødvendig del av ein vellykka distriktspolitikk, seier Bjørlo.

Med ny teknologi og nye samfunnstrendar har vi no tidenes moglegheit til å få ny fart på utflytting av statlege arbeidsplassar

Alfred Bjørlo

– Med ny teknologi og nye samfunnstrendar har vi no tidenes moglegheit til å få ny fart på utflytting av statlege arbeidsplassar, ved at mange fleire kan få «ta med seg jobben» ut frå storbyane og jobbe desentralisert i dei store statlege etatane, seier Alfred Bjørlo. Han har arbeidd mykje med denne saka i sine 10 år som ordførar for Venstre i Eid/Stad før han kom på Stortinget hausten 2021.

Må få vere del av eit jobb-fellesskap

– Vi veit likevel at slik utflytting ikkje skjer av seg sjølv. Å få store statlege etatar til å desentralisere si eiga verksemd, er like tungt som å flytte ein kyrkjegard ved å overlate jobben til dei som ligg der. Å la fleire statleg tilsette få flytterett til eigen jobb krev tydeleg politisk styring og vilje frå toppen, og statleg tilsette må få mulighet til å vere del av eit jobb-fellesskap også i distrikta, ikkje berre sitje åleine på eit evig heimekontor, seier Alfred Bjørlo.

Å få store statlege etatar til å desentralisere si eiga verksemd, er like tungt som å flytte ein kyrkjegard ved å overlate jobben til dei som ligg der.

Alfred Bjørlo

Merkeleg stille frå Støre

Solberg-regjeringa starta opp forsøk med slike statlege jobbfelleskap i distrikta, “Statens Hus”-pilotar, og tok også initiativ til å prøve ut “flytterett til eigen jobb” for tilsette i staten.

– Det har vore merkeleg stille frå Støre-regjeringa når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar sidan dei kom til makta. Regjeringa strør om seg med pengar og handlekraft når det er noko dei kan reversere, men er merkeleg passive når det gjeld korleis vi kan sjå framover og nytte ny teknologi og nye samfunnstrendar til å la fleire statlege jobbar flytte ut, fortset Bjørlo.

Regjeringa strør om seg med pengar og handlekraft når det er noko dei kan reversere, men er merkeleg passive når det gjeld korleis vi kan sjå framover

Alfred Bjørlo

– Moderne distriktspolitikk handlar om å gripe sjansane ei ny tid gir oss – ikkje om å bruke energien på å reversere og drøyme om fortida, seier han, som også sit i Næringskomiteen på Stortinget.

Interpellasjonen Bjørlo har fremma, er som følgjer:

Om desentralisering av statlege arbeidsplassar – til Kommunalministeren

Regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at ein vil følgje opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala i NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying av distriktspolitikken.

Utvala peikar på at desentralisering av statlege arbeidsplassar for å skape ein variert arbeidsmarknad også i distriktsregionar utan tunge statlege institusjonar er eit viktig element i ein forsterka distriktspolitikk.

Norman-utvalet foreslår å prøve ut fleire desentraliserte, samlokaliserte mindre einingar av statlege verksemder, etter modell av “Statens Hus”-pilotane, og Solberg-regjeringa tok initiativ til å prøve ut “flytterett til eigen jobb” for tilsette i staten.

Korleis vil regjeringa følgje opp og forsterke arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at mellom anna fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at sjølve institusjonane vert flytta?

Les interpellasjonen på Stortinget sine nettsider, her.