Jordbruksoppgjeret: kostnadskompensasjon, inntektsauke og ei miljøvenleg innretning

Alfred
Alfred Bjørlo: - Meir mangfald og mindre kjedemakt gir lågare pris, Foto: Helle Frogner

I dag starter jordbruksoppgjeret. Venstres Alfred Bjørlo er klar på at resultatet må vere grønt og gje inntektsauke.

– Kravet frå bondeorganisasjonane understreker alvoret i situasjonen for norsk landbruk. Bøndene må no få både kostnadskompensasjon og ei reell inntektsauke. Det er viktig for at bønder over heile landet framleis skal sjå ei framtid i landbruket, og får signal frå samfunnet om at matproduksjon er noko ein skal kunne leve av framover, seier Bjørlo, som sit i næringskomitéen på Stortinget.

Det er viktig for at bønder over heile landet framleis skal sjå ei framtid i landbruket, og får signal frå samfunnet om at matproduksjon er noko ein skal kunne leve av framover

Alfred Bjørlo

– Samtidig er det viktig at vi no nyttar høvet til å vri landbruket i ei meir berekraftig retning, og reduserer avhengigheita av kraftfôr og kunstgjødsel. Vi ser kor sårbare bøndene er no som prisane på innsatsfaktorar aukar, og vi må bruke dette jordbruksoppgjeret til å gjere det meir lønsamt å bruke det lokale ressursgrunnlaget, seier Bjørlo.

– Venstre håpar regjeringa ikkje berre vil halde fram med den samme gamle, intensive landbrukspolitikken, men prioriterer eit berekraftig og klimavenleg landbruk i innretninga på oppgjeret. Levande landbruk over heile landet med auka bruk av lokale ressursar er etter Venstre sitt syn ein viktig del av den grøne omstillinga vi skal gjennom, avslutter han.