Jordbruksoppgjeret: – Marsjordre frå Stortinget om kursendring for norsk landbruk

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo, Foto: Alfred Bjørlo / Venstre

– Venstre er svært godt fornøgd med at ein samla opposisjon no gir regjeringa marsjordre om ein ny kurs for norsk landbruk – med vriding av matproduksjonen over mot meir grønt og korn, meir bruk av beite- og utmarksressursar og skjerpa innsats for dyrevelferd. Det er ein milepæl, og eit kraftig signal om at vi har ei regjering som ikkje heng med i tida i landbruks- og matpolitikken.

Det seier Venstres representant i Næringskomiteen, Alfred Bjørlo, i samband med at Næringskomiteen på Stortinget i dag har avgitt innstilling om landbruksoppgjeret for 2021. I innstillinga går Venstre, Høgre, Frp, SV, Rødt og MDG saman om fleire fleirtalsmerknader mot regjeringspartia Ap og Sp som gir føringar for framtidas landbrukspolitikk.

Treng ei kursendring i grøn og bærekraftig retning

– Eg er skuffa og overraska over at Ap og Sp ikkje tar dei stadig sterkare signala om at vi treng ei kursendring i grøn og berekraftig retning for norsk landbruk. Venstre vil ha ein ny matpolitikk der folkehelse, klima og natur og landbruks- og matpolitikk blir sett sterkare i samanheng.
Venstre foreslår i innstillinga om jordbruksoppgjeret å be Regjeringa starte arbeid med ei ny stortingsmelding om framtidas landbruk- og matsystem, etter modell av EUs nye mat- og landbruksstrategi «Farm to fork». Venstre foreslår også ei femdobling av satsinga på økologisk mat i Norge, meir plantebasert matproduksjon og belønning av bønder som investerer i betre dyrevelferd.

Landbruket bør vere ei grøn framtidsnæring

– Landbruket bør vere ei av dei viktigaste grøne framtidsnæringane i Noreg. Men for å kome dit er det nødvendig med rask, omfattande endring av norsk landbrukspolitikk, seier Venstres medlem i Næringskomiteen på Stortinget, Alfred Bjørlo. – Vi treng ei omlegging av norsk landbruk til meir langsiktig berekraft, raske kutt i utslepp av klimagassar, mat som gir betre folkehelse, strengare krav til dyrevelferd, jordvern og betre økonomi/ betre arbeidskvardag for bøndene.

Fleirtal i næringskomiteen

Følgande merknader har fleirtal i næringskomiteen frå ein samla opposisjon (V, H, Frp, SV, Rødt og MDG) – mot regjeringspartia Ap og Sp:

«Fleirtalet i komiteen (Venstre, Høgre, Frp, SV, Rødt og MDG) meiner det er eit stort potensiale for å auke norsk sjølvforsyning gjennom vriding av produksjonen i landbruket over mot meir grønt og korn, sam å stimulere til auka bruk av beite- og utmarksressursar og andre verkemiddel for å kutte i bruk av soya og andre utanlandske forråvarer med høge klimaavtrykk. Dette fleirtalet forventar at ei slik kursendring blir tydeleg signalisert, slik at norsk landbruk allereie no kan starte nødvendig omlegging.»

«Flertallet i komiteen (Venstre, Høyre, Frp, SV, Rødt og MDG ) har merket seg at partene er enige om at det skal utredes et dyrevelferdstilskudd. Disse medlemmer er i utgangspunktet positiv til alle initiativer fra næringen som kan bidra til å forbedre dyrevelferden, men stiller likevel spørsmål ved om det er hensiktsmessig å subsidiere deltakelse i dyrevelferdsprogrammer. Oppslutningen om disse allerede er stor, og velferdsgevinsten for dyrene er forholdsvis liten.»