Fråsegn: Fullføringsreforma skal løfte lærlingane og yrkesfaga

Lærling
Venstre er uroa for at innføringa av fullføringsreforma tar for lang tid., Foto: iStock

Kvart år går fleire tusen ungdommar ut av vidaregåande opplæring utan å ha oppnådd studiekompetanse eller fagbrev. Det er ei stor utfordring for kvar enkelt ungdom, men og for samfunnet.

Vedteke på Venstre sitt landsstyremøte i Hamar, 12. juni 2022.

Våren 2021 la kunnskapsminister Guri Melby fram Stortingsmeldinga om fullføringsreforma i Stortinget. No skal alle- både ungdom og vaksne – få rett til å fullføre vidaregåande opplæring, og få studiekompetanse eller fagbrev.

Uroa for at det tek for lang tid

Det blir den største reforma i vidaregåande opplæring sidan Reform 94. Stortingsmeldinga fekk brei støtte i Stortinget, og framlegg om endringar i opplæringslova for å følge opp Stortingsmeldinga blei send på høyring i september 2021, men regjeringa Støre har enno ikkje lagt fram sak for Stortinget om dette. Venstre er difor uroa for at innføring av fullføringsreforma kan ta lang tid, og ikkje kunne starte før tidlegast i 2024. Det vil gå ut over både ungdommar i vidaregåande opplæring og vaksne som av ulike grunnar ikkje har fullført fagbrev eller fått studiekompetanse.

Fleire skal få høve til å ta fagbrev.

Med fullføringsreforma skal det systematiske arbeidet med å skaffe fleire læreplassar styrkast og dei elevane som av ulike grunnar ikkje får læreplass skal få eit mykje betre tilbod enn dei får i dag. Fleire skal få høve til å ta fagbrev. Når regjeringa Støre brukar så lang tid på innføre fullføringsreforma går det utover kvaliteten på tilbodet til elevane og rettane deira: Rett til å fullføre vidaregåande opplæring, rett til å ta eit fagbrev til, og rett til læreplass eller eit likeverdig tilbod, anten ein er ungdom eller vaksen. Mange stadar er det vanskeleg å rekruttere til mindre fag. Kombinasjonsklassar og tilrettelagde løp skule-næringsliv er viktig for å løyse desse utfordringane.

For store variasjonar

Fagbrev er ein viktig utdanningsveg. Helsefagarbeidaren, kokken, røyrleggaren og mange andre yrke har eit slikt utdanningsløp og blir på denne måten utrusta til å utføre viktig arbeid samfunnet er heilt avhengig av.

Læringløpet kan vere gjevande og kjekt, men det kan også vere utfordrande. Trivsel på arbeidsplass og i fritid er viktig, og oppfølging må vere tett. Dette vil styrke både rekruttering og gjennomføring. Her må det setjast krav til opplæringskontora, det er alt for store variasjonar mellom opplæringskontora, mellom landsdelar og mellom ulike fagområde. Opplæringskontora må vere godt fagleg organisert og yte tett oppfølging til lærlinger og lærebedrifter. Kostnader som bedrifter har knytt til lærlingar kan føre til mangel på læreplasser. God oppfølging frå lærebedrifter er avgjerande for lærlingen og dette er kostnader som i for liten grad vert dekt av lærlingetilskot bedriftene mottek. Den økonomiske støtta til lærebedrifter må difor aukast.

Venstre vil

  • At fullføringsreforma med rett til å fullføre vidaregåande opplæring, rett til å ta eit fagbrev og rett til læreplass eller eit likeverdig tilbod, må bli innført frå skuleåret 2023/24At fylkeskommunane må få tilstrekkeleg finansiering for denne store omlegginga av vidaregåande opplæring.
  • Styrke insentiva arbeidsgjevarane har for å ta imot lærlingar.
  • Styrke satsinga på fagbrev for vaksne.
  • Styrke opplæringskontora og setje krav til oppfølging av lærlingane gjennom læretida.