2022: Geriljagjengen i Sykkylven med nye trivselskapande tiltak

Vi slo til igjen!

Men denne gangen spurte vi om løyve fyrst. Kommunen sponsa blomar og vi i Sykkylven Venstre sto for dugnadsarbeidet og planta dei i blomsterkassene på kaiområdet. Vi syns det er absolutt verdt å bruke litt av vår tid til dette! Det vart eit mykje finare område der folk frå nær og fjern kan møtast. Trivsel skapar bulyst!