Kampen for fridom må halde fram

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, Foto: Helle Frogner

Eit halvt år har gått sidan Russland invaderte Ukraina og starta den største krigsoperasjonen i Europa sidan 1945. Følgjene av krigen har vore grusomme. Russland sine krigsbrotsverk har vore tallause.

Men diktatoren Putin har ikkje lukkast i å nå sine mål. Ukraina har klart å stå imot Putins krigsmaskin: 80% av Ukraina er framleis fritt. Det er takka vere det ukrainske folket sitt heltemot og motstandsvilje – kombinert med rask og omfattande reaksjon frå EU og NATO.

Venstre har sidan dag 1 av krigen vore ein pådrivar for at Noreg skal gjere alt vi kan for Ukraina. Noreg og andre land har ikkje berre stilt opp med humanitær hjelp, men også med våpen, militær bistand og omfattande sanksjonar som bremsar den russiske krigsøkonomien. Det har gitt resultat.

Diktatoren Putins viktigaste strategi no, er å «utmatte» oss i vest slik at vi ikkje held oppe det sterke trykket på å hjelpe Ukraina. Putin spekulerer i at hans diktatur er meir uthaldande enn våre demokrati, og på splitting og konflikter mellom vestlege land. På at vi når alt kjem til alt, er «oss sjølv nok».
Det må ikkje få skje. Vi må framleis stå opp for Ukraina. Meir, og ikkje mindre enn før. Noreg må auke våpenhjelpa og den økonomiske støtta, og vi må trappe opp sanksjonane mot Putin. Vi må aldri gløyme at det dette er snakk om, er ein rein angrepskrig frå ei diktatorstyrt stormakt mot eit fredeleg naboland i vårt nabolag. Ein krig som handlar om at Putin vil utslette Ukraina som nasjon, og hindre det ukrainske folket å velje fridom, demokrati og felleskap i Europa framfor å ligge under Putin sitt åk.

Å halde oppe støtta til Ukraina over tid vil koste. Også for Noreg. Men alternativet er uendeleg mykje verre. Det er eit ukrainsk folk som misser sin fridom. Det er ein russisk bjørn som får blod på tann. Og det er demokratiet sitt nederlag mot diktaturet.
Det er verdt å kjempe for. Også for oss i verdas rikaste land – med den russiske bjørnen som nabo.

Leve Ukraina – kampen for fridom må halde fram.

Alfred Bjørlo (Venstre), stortingsrepresentant