– Regjeringa svekkar tilbodet til psykisk sjuke og rusavhengige over natta

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, Foto: Helle Frogner

I framlegget til statsbudsjett stryk regjeringa statsstøtta til mange organisasjonar i rus- og psykiatrifeltet. Det skjer over natta utan at saka er drøfta med dei det gjeld.

– Dette er useriøst og respektlaust av regjeringa, seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre og ny helsepolitisk talsperson.
– Mange av organisasjonane har bygd opp gode tilbod over mange år. Dei hjelper menneske som har det særs vanskeleg, med depresjon og sjølmordstankar. Frivillige og ideelle organisasjonar er eit godt supplement til offentlege tenester og avlastar det offentlege i mange tilfelle. Regjeringas øksehogg-taktikk ser ut som eit forsøk på å strupe frivillig og ideell sektor. Det kan Venstre ikkje vere med på, seier han.

Regjeringa foreslår å erstatte dagens statsstøtte med ei ordning der organisasjonane må søkje kvart år om ein pott saman med mange fleire organisasjonar enn i dag. Dei som blir ramma av dette er både små og store organisasjonar, mellom anna Kirkens SOS og Mental helse. Det vil ta lang tid før desse veit kva økonomiske rammer dei skal forhalde seg til i 2023.

– Venstre er opne for at det kan vere klokt å gå gjennom kven som no får direkte statsstøtte, og om det finst betre måtar å gjere dette på i framtida. Men vi krev at det blir gjort på ein planlagt og seriøs måte, i samarbeid med organisasjonane. Regjeringa må bruke den tida som trengs for å sikre at viktige tilbud vert ført vidare. Elles mister mange menneske eit sårt tiltrengt lys i mørket, seier Alfred Bjørlo.