Alfred Bjørlo: – Vil ha fleire skulehagar over heile landet

Guri og Alfred
Guri og Alfred i arbeid., Venstre

– Skal vi ha god matberedskap og sjølvforsyning i Noreg i framtida, må langt fleire enn i dag få lære om og bli vant med å dyrke eigen mat. Fleire skulehagar er ein av mange brikkar i ei nødvendig omlegging av framtidas matsystem til meir lokal matproduksjon og meir frukt og grønt. Difor utfordrar eg no Kunnskapsministeren i Stortinget om kva som kan gjerast for å få fleire skulehagar over heile landet.

Det seier Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (Venstre), frå Sogn og Fjordane og medlem i Næringskomiteen på Stortinget, som tar temaet skulehage opp i ein interpellasjon i Stortinget torsdag 26. oktober.

– Stigande matvareprisar, global matmangel, omsyn til folkehelsa og omsyn til klima og berekraft gjer det nødvendig å auke kunnskapen om og interessa for å dyrke sin eigen mat. I mange land er skulehage ein sjølvsagt del av oppveksten til barn og unge. I Noreg er skulehage stort sett eit «Oslo-fenomen», og det finst ingen nasjonal politikk for fleire skulehagar. Det må vi endre på. Skulehage gir på kort sikt meir variasjon, trivsel og praktisk læring i skulekvardagen – og betyr på lang sikt at langt fleire enn i dag får kunnskap om å dyrke eigen mat. Det vil bli stadig viktigare i framtida, seier Alfred Bjørlo (Venstre).

Bjørlo sin interpellasjon kjem opp i Stortinget torsdag 27. oktober kl 10.