Medlemsmøte i Ørsta måndag 28. november

Glimt frå medlemstreff på Runde med besøk av Stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland. , Foto: Annika Brandal

Måndag 28. november kl. 18.30-21.00, i Ørstahallen (ved Ørsta stadion)

Ørsta Venstre inviterer til medlemsmøte måndag 28. november, for lokallaga på Søre Sunnmøre og omegn. Møte er ope for både deg som er medlem alt, og du som er nysgjerrig, og vurderer å bli medlem!

Venstre har medlemsvekst, og det er veldig kjekt. Vi har fleire nye medlemmar også her i vårt område. Hovudtema for medlemsmøte denne gongen blir då “Ny i Venstre” med erfaringsutveksling frå både erfarne og litt ferskare medlemmar.

Vi legg opp til ein matbit i starten, ein kaffi og god Venstreprat med kjente og nye Venstrevennar! Kjem du?

Påmelding til lokallagsleiaren din, eller Are Folkestad (are.folkestad@gmail.com / 45601250), leiar i Ørsta Venstre.

Vil du bli medlem? Meir info her: www.venstre.no/blimed