Hjartet av Sunnmørsalpane

Utsikt mot Kolåstinden. Foto: Gunnar Knutsen

Overskrifta her er slagordet til Ørsta kommune. Skal vi ikkje ha som mål å ta best mulig vare på både naturen og Ørsta kommune sin fremste merkevare?

I september 2021 ga Venstre og regjeringa Miljødirektoratet i oppgåve å starte opp arbeidet med verneplanprosessar for fire heilt nye nasjonalparkar i Noreg. Eitt av desse områda er Sunnmørsalpane i Ørsta Kommune. På sist møte i november i år var Ørsta kommunestyre på nippet til å stemme nei til vidare utgreiing, mot kommunedirektøren si tilråding. I staden vart saka utsett til neste møte.

I denne omgangen handlar det ikkje om å seie ja eller nei til vern, men om å seie ja eller nei til å hente inn kunnskapsgrunnlag og gjennomføre ei utgreiing av fordelar og ulemper eit mogleg verneområde kan ha.

Det er heilt legitimt å stille spørsmål om økonomiske konsekvensar for kommunen sin ressursbruk. Men det blir opplyst frå kommunen at dette ikkje vil bandlegge kommunale ressursar og heller bidra positivt med støtte til arbeidet med ein arealplan som kommunen elles ville måtte koste fullt ut på eiga hand. Då er det etter vårt syn ansvarleg politikk å ta mot dette tilbodet med opne armar.

Det er klart at eit mogleg verneområde potensielt vil kunne skape interessekonflikter. Men det er jo nettopp noko av det som utgreiinga skal avdekke. Målet er altså ikkje å tre ein verneplan nedover hovudet på innbyggarane, men at utgreiinga blant anna skal framskaffe kunnskap om potensielle konflikter nettopp for å unngå desse.

-Tap av naturmangfald på grunn av utbygging og inngrep er ei av dei største utfordringane i verda. At eit område blir nasjonalpark betyr at denne staden har heilt spesielle naturverdiar som vi meiner det er særs viktig at Noreg vernar og tar vare på for framtida, sa dåverande klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre i samband med oppstarten av prosessen.

Sunnmørsalpane er altså anerkjent som å ha høg nasjonal og internasjonal verdi. Eit berekraftig lokalsamfunn inneber at vi må ta vare på noko av dei aller viktigaste verdiane vi har. Det gjeld å sikre at både noverande og framtidige generasjonar kan nyte godt av dei same verdiane.

Vi må også løfte blikket framover og sjå kva muligheiter ein eventuell verneplan for Sunnmørsalpane kan gi for lokalsamfunnet. Då må vi i det minste vere interessert i kunnskap om korleis vi best mulig kan forvalte dei verdiane Ørsta kommune sit på. Vi håpar at dei representantane som på sist møte var mot ei vidare utgreiing har brukt tida godt, og etter kvart har funne ut at ny kunnskap ikkje er farleg.

Are Folkestad og Gunnar Knutsen

Denne teksten var også på trykk som lesarinnlegg i Møre-Nytt 09.12.2022