– Bedriftene må få straumhjelp som treff, ikkje berre talmagi

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, Foto: Helle Frogner

– Venstre er djupt uroa over regjeringa si manglande handlekraft for å hjelpe bedrifter som slit med høge straumprisar. Derfor vil vi på Stortinget måndag 19/12 be regjeringa få på plass straumhjelp som treff bedriftene betre enn dagens modell for fastprisavtaler. Det hastar for å berge små og store bedrifter landet rundt.

Det seier Venstres medlem i Næringskomiteen på Stortinget, Alfred Bjørlo. Venstre legg fram følgande forslag i Stortinget si behandling av næringsbudsjettet for 2023 måndag 19/12:

«Stortinget ber regjeringa legge fram ei sak raskast mulig på nyåret med forslag til meir fleksible modellar for fastprisavtaler på straum for næringslivet, som tar høgd for at mange bedrifter har store variasjonar i straumforbruk gjennom døgnet og året»

«Stortinget ber regjeringa legge fram ei sak raskast mulig på nyåret om ei kommunal støtteordning for mindre bedrifter med høge straumkostnader, som supplement til ordninga med fastprisavtaler.»

– Vi får no eit «ras» av henvendelsar frå bedrifter som opplever at fastprisavtalene som Næringsministeren meiner skal berge næringslivet frå nyttår av, rett og slett ikkje fungerer. Det er kritisk: Dagens midlertidige strømstøtteordning blir avslutta 31.12.2022 – og Næringsminister Vestre driv fortsatt berre med «talmagi» om kva som skal kome i staden.

Bakgrunn for Venstres initiativ:

  • Fastprisavtalene er kompliserte og «stive», og å binde prisen for 7 år (som er modellen Vestre skryt av utad når han snakkar om kor lave prisar bedriftene kan få), er uaktuelt for dei fleste bedrifter
  • Dei aller fleste produksjonsbedrifter har også enorme variasjonar i pris gjennom året. Dei bruker typisk under halvparten av energi om sommaren som om vinteren. I regjeringas modell for fastprisavtaler må dei binde seg til å kjøpe eit fast volum gjennom heile året – det funkar svært dårlig i praksis.
  • For mange små bedrifter er dei kompliserte fastprisavtalene umulige å bruke – dei treng målretta støtte som kan bli gitt lokalt