Ulstein Venstre på fylkesårsmøtet

Lokallagsleiar Tor Wilhelm Havåg og styremedlem Berit Lyngstad representerte Ulstein Venstre på fylkesårsmøte i Kristiansund helga 4.-6 mars. Det var ei inspirerande helg, med gode debattar og kjekke Venstre-folk frå heile fylket. No startar arbeidet med valprogrammet til Ulstein Venstre, og Tor Wilhelm og Berit fekk med seg mange gode råd og tips.

Ein av gjestane var stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Han har blitt ein viktig støttespelar for Møre og Romsdal og Ulstein Venstre. Her er dei saman med ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande.