Haram Venstre – skipa 1883!

Den 4. januar 2023 ble Møre og Romsdal Venstre 139 år. Den 28. januar fylgde landspartiet, Venstres Hovudorganisasjon, etter. Haram Venstre er faktisk eit år eldre!

Torleiv Rogne, Venstre-veteran frå Flemsøya

Som forløparar til fylkeslaga og hovudorganisasjonen vart det skipa lokallag/ foreiningar rundt om i herada/kommunene. Soleis vart det i Haram skipa Venstreforening alt hausten før, den 27. oktober 1883, og protokollen frå skipingsmøtet fortel fylgjande :

Aar 1883 den 27. Oktober samledes paa Gaarden Ostnes, efter Indbydelse af Harhams Herredstyrelse, cirka 150 Personer fra forskjellige Dele af Herredet til et politisk Møde og med formål at få dannet en Venstreforening inden Herredet“.

Nokre av paragrafane i statuttane tar eg med:
1.Foreningens formål er til vorn for lovbunden borgerlig frihed, at støtte den frisindede politikk at vække og bevare en god Almenånd, bygget på et kristelig livssyn og at fremme politisk og anden opplysning.

2.Ved “den frisindede politikk” forstår foreningen en politikk som anerkjender : at Grundloven ikke kan forandres på fortolkningsvei, men allene på den i loven foreskrevne måde, at Kongen ikke bør tillægges det absolutte vetos magt til for stedse at stanse nyttige, nødvendige og med folketstarv stemmende foranstaltninger, men at det norske folk som sit dyreste borgerlige eie må værne om den ret til at bestemme egne anliggender, som det ervervede sig ved forfatningen af 17 de mai 1814 ; at unionen mellom de to broderriger er et værn for begge rigers udviklingsarbeide selvstendighed og frihed.

Lærar Lars Johnsen vart fyrste formannen/leiaren av Haram Venstreforening, og det var han som også førte protokollen på skipingsmøtet. Ein må gå ut frå at møtet var grundig å godt førebudd, slik at ein må rekne med at vedtektene var gjennomarbeidde føreåt, slik at det var sikra fleirtal for dei utan noko større diskusjon.

 

Nogva-brørne i smia. Bak Lars J. Nogva (t.v.) og Daniel, framme Johan (t.v.) og Olav.

At det var Haram heradstyre som invitert til skiping av Venstre i kommunen, syner til fulle kor politisk bevisst folket i distriktet var på denne tida. Lærar Lars Johnsen var frå Skuløy, og var morfar til den seinare kommune- og fylkestingspolitikaren Lars J. Nogva.

Det er få, om nokon, som har så lang politisk og offentleg teneste i Haram som Lars J. Nogva , kommunestyremedlem, ordførar, varaordførar, heradskasserar, banksjef, formann i forliksrådet, og ei lang rekkje andre ombod. Lars J . Nogva døydde i 2006 – 101 år gamal.

Lærar Lars Johnsen var med i møte på Molde den 4. januar 1884 under skipinga av Romsdals Amts Venstreforening. I lag med seg hadde han Elias K. Ostnes frå Haramsøy, også han til likjest med Lars Johnsen, ein dyktig og eldhuga representant for folket i Haram og landet elles.

Haram har gjennom tidene hatt tre faste representantar til Stortinget før Birgit Oline Kjerstad kom inn for SV i 2021. Alle tre har representert Venstre. Det var Knudt O. Otterlei, Ole K. Flem og Bjarne Flem, alle frå bonde- og fiskaryrket.

Torleiv Rogne
Haram Venstre