Arbeidarpartiet gravlegg nynorsken

Steven van Zandt frå serien Lillyhammer. , FOTO: Rubicon TV / NRK Foto: Rubicon TV / NRK

Venstre jamstilte skriftspråka våre i 1885. 2023 blir året Arbeidarpartiet forsøker å gravlegge nynorsken.

Skulekvarden har gått frå penn og papir til PC’ar, paddar og mobiltelefonar. I løpet av ein skuledag er Haramselevane innom ei lang rekkje digitale læremiddel, læringsressursar, appar og verktøy – og berre eit fåtal finst på nynorsk.

Det er ein hemsko for våre elevar, og Haram Venstre meiner Stortinget må lovfeste krav om nynorskversjonar av alle læringsressursar i skulane slik at vi kan sikre Haramselevane ei like god opplæring som elevane som bur i bokmålskommunar.

Arbeidarpartiets kunnskapsminister Tonje Brenna forstår ikkje problemet og meiner dette er eit urimeleg krav. Om det er av uvitskap eller om ho rett og slett ikkje forstår veit vi ikkje, men konsekvensen er at våre elevar her i Haram blir tvinga til ei opplæring på eit anna skriftspråk enn sitt eige.

Kravet om læringsressursar på nynorsk handlar ikkje om særtiltak, men om likeverd. Haramselevane er ikkje andrerangs elevar, men Regjeringa vil altså ikkje gje dei same kår som til dømes Ålesundselevane som i stor grad er bokmålsbrukarar.

Eit lovfesta krav til nynorskversjonar av alle læringsressursar vil tvinge utviklarane av appane og programma til å lage nynorskversjonar av programma sine. Utviklarane bryr seg ikkje om nynorsk men om pengar, men med eit lovkrav blir dei tvinga til ha nynorskversjonar for å kunne selje produkta sine til norske skular.

«Mellom appar og berbare skjermar heve nynorsken mista sin heim» skreiv Noregs mållag sin leiar Peder Lofnes Hauge i en kommentar til lovforslaget. Heldigvis har det kome klare signaler på at ein ikkje har kome i mål med den nye Opplæringslova.

Matias Hoem Bjurbeck.

No blir det opp til Haram Arbeidarparti og Haram Senterparti å presse si eigen regjering til å behalde nynorsken som eit fullverdig skriftspråk og ikkje sette den første spikaren i nynorskkista i nye Haram kommune.

Heldigvis er det Stortinget som har ansvaret for korleis lova blir, men lovforslaget seier mykje om nynorsken sine kår i Arbeidarpartiets Noreg.

Matias Hoem Bjurbeck
Haram Venstre