Minneord Hans-Carl Tveit

Heidersmannen, liberalaren og partikollegaen vår Hans Carl Tveit er gått ut av tida, berre dagar før han ville fylt 69 år.

Sjølv om han har vore ute av politisk aktivitet i nokre år no, er han framleis ein som vert omtala med respekt og varme. Som ung mann var han aktiv i Det liberale folkepartiet, men tok med seg sitt store engasjement inn i Venstre etter samanslåinga i 1988.

Hans Carl var ein bergenspolitikar, men hadde og eit stort engasjement for resten av Hordaland. Då heile fylkestingsgruppa for til Oslo etter det gode valet i 1997, var det Hans Carl som fekk rollen som gruppeleiar. Den rollen fylde han med stort engasjement og mykje politisk erfaring. Han var og styremedlem og nestleiar i Hordaland Venstre i ei årrekkje rundt tusenårsskiftet.

Me minnest ein ekte bergensk ‘gentleman’, kunnskaprik med gode replikkar og alltid glad i ein god debatt. Takk for alt du har vore for oss som fekk gleda av å vere på lag med deg, Hans Carl. Du lever i minnet!

Hans-Carl Tveit