Fylkeskommunen må opne att tannhelseklinikken på Haramsøy!

Haram Venstre vil i den komande kommunestyreperioden arbeide for å få Møre og Romsdal fylkeskommune til å opne att tannklinikken på Haramsøy, Caroline LM, Unsplash

På sytti- og åttitalet vart det bygd eit helsehus på Haramsøy med plass til to legar, rom for heimebasert omsorg og lokal for fylkeskommunal folketannrøkt. Her var det gjennom mange år ein tannlege til han vart sjuk og måtte slutte.

Det vart vanskeleg å få tilsett ny tannlege her, mellom anna på grunn av mangel på utdanna tannlegar generelt i samfunnet. Eit anna argument var at det var vanskeleg å få tilsett tannlegar på einmannsklinikkar.

No er situasjonen endra, og det skal vere større moglegheiter for å få tilsett tannlege til desse klinikkane. Dette gjeld særleg klinikken på Haramsøy, no når kommunikasjonane er betre gjennom Nordøyvegen som bind øyane til fastlandet og gir godt samband til Ålesund.

Nordøyvegen endrar likevel ikkje det faktum at folkesetjinga på Nordøyane er sterkt aldrande, og at mange vil få problem med å reise langt for å oppsøke tannhelsetenesta. God tannhelse er særleg viktig for ein god alderdom.

Torleiv Rogne

Haram Venstre vil i den komande kommunestyreperioden arbeide for å få Møre og Romsdal fylkeskommune til å opne att tannklinikken på Haramsøy. Dette vil også bidra til å etablere kunnskapsbaserte arbeidsplassar i øysamfunna våre, noko det er stor mangel på i dag og som var ein del av argumentasjonen for å få bygd Nordøyvegen.

Torleiv Rogne
3. kandidat Haram Venstre