Haram kommune må ikkje gje opp ungdomen!

Haram kommune bør ha minst éin lærling i kvart einaste fagfelt dei ulike kommuneverksemdene har tilsette i., Foto: Callum Hill on Unsplash

Altfor mange ungdommar fell utanfor samfunnet. Statistikk frå NAV viser at dersom ein mottar sosialhjelp som 18-åring, er det 45% sjanse for at ein gjer det også som 25-åring. Det skal – og må – Haram kommune motarbeide.

Lærlingar er framtidas fagarbeidarar som vi treng mange av i åra som kjem. For å fullføre utdanninga si er yrkesfagelevar heilt avhengige av å få læreplass. Dersom ikkje arbeidslivet stiller opp og tar imot lærlingane, sviktar vi vår viktigaste ressurs og arbeidskraft for framtida. Hovudregelen for yrkesfag er to år skule og to år i bedrift. Det er ei føresetnad at ein får lærlingplass for å fullføre.

Men vi treng fleire læreplassar. Sjølv om det ordnar seg for fleire, er det for mange som står utanfor. Elevar som ikkje får læreplass, er ekstra utsett for å droppe ut av skulen og kan forsvinne heilt frå arbeidslivet. Dette er uverdig for den enkelte og noko vi som samfunn ikkje har råd til. Kvar år vil Haram kommune tape store summar på at ungdommar blir ståande utanfor.

Kommunane sjølve skrik etter kvalifisert arbeidskraft, men dei må også bidra til at fleire får fullført utdanninga si gjennom å opne opp dørene til kommunen og gi plass til neste generasjon. Haram kommune som kommande arbeidsgivar har eit spesielt ansvar for dei som slit – lærlingordninga er som skapt for å få fleire inn i arbeidslivet. Det som er viktig å presisere, er at det dei siste åra har blitt enklare for kommunane å ta inn lærlingar.

Lærlingtilskotet er auka per kontrakt, og kravet om bruk av lærlingar ved offentlege anbod har blitt skjerpa. I tillegg har den økonomiske ramma auka for kommunar som tar inn lærlingar med særskilte behov. Summen av dette burde gjere det meir attraktivt for Haram kommune å ta inn lærlingar. Det er heilt avgjerande at kommunen – saman med private bedrifter og fylkeskommunen – stiller seg til disposisjon og sikrar elevane ein god læretid.

Matias Hoem Bjurbeck.

Vi i Haram Venstre meiner at dei delane av kommunen sine verksemder som ikkje vågar eller ønskjer å vere ein opplæringsbedrift, går glipp av verdifull kompetanse og arbeidsinnsats. Å vere opplæringsansvarleg er ei viktig rolle og eit ansvar, men det er samtidig svært positivt og tilfører arbeidsdagen mykje glede. I starten av opplæringstida kan det vere krevjande, men det tek ikkje lang tid før lærlingen sjølv er sjølvstendig og er ein stor ressurs, for ikkje å gløyme den kunnskapen dei tilfører arbeidsplassen sin. Ein lærling er ein gåve.

Haram Venstre meiner at Haram kommune skal ha minst éin lærling i kvart einaste fagfelt dei ulike kommuneverksemdene har tilsette i, og lage ein plan i nært samarbeid med NAV, opplæringskontora, dei tillitsvalde og skulane i kommunen for korleis dette kan innførast og settast i gang.

Matias Hoem Bjurbeck
4.kandidat Haram Venstre