Kommunen som tenesteytar og arbeidsgjevar

Kommunen er Haram sin største arbeidsgivar, og har difor eit ekstra stort ansvar. , Josh Olalde on Unsplash

Kommunen er Haram sin største arbeidsgivar, og har difor eit ekstra stort ansvar. Sjukefråværet i kommunens verksemder er altfor høgt, og det blir ei prioritert oppgåve å halvere dette, både av omsyn til dei tilsette og av økonomiske årsaker.

For å redusere sjukefråværet vil Haram Venstre setje inn følgjande tiltak:

  • Inkluderande arbeidsliv – kvar enkelt tilsett må få meir å seie i sin eigen kvardag.
  • Målretta arbeid for eit godt arbeidsmiljø.
  • Kommunen må bruke pengar for å spare: investeringar i utstyr og hjelpemiddel for å lette arbeidsbyrda.
  • Fulltidstillingar må være hovudregelen.
  • Trepartssamarbeidet skal være førande.
  • Kommunen skal vere vaktbikkje også for innleigd arbeidskraft – både økonomisk og menneskeleg.
  • Det må settast i gang førebyggjande og reparativt arbeid av fastlege/opptreningsteam som er til for dei tilsette.
  • Saman med dei tillitsvalde, utforme ein heilskapleg plan for å auke delen av heile, faste stillingar i kommunen.
  • Redusere bruken av innleigde medarbeidarar frå vikar- og bemanningsbyrå.
  • Arbeide for å auke delen av medarbeidarar med rett utdanning innan helse, velferd og undervisning.
  • Stille krav om og kontrollere at private firma som leverer varer og tenester til kommunen har ryddige lønns- og arbeidsforhold.
  • Arbeide for å gi dei tilsette i kommunen større innflytelse over eigen arbeidssituasjon, slik at dei saman med brukarane kan betre tenestene.
  • Vedta at kommunen er ein rasismefri sone, og følgje opp med ei handlingsplan mot rasisme og diskriminering.
  • Bruke aktivitets- og redegjersleplikta i likestillingslova for å sikre kommunens tilsette lik lønn for arbeid av lik verdi.
  • Iverksette tiltak for å betre beskytte tilsette mot vald og trugsmål i arbeidssamanheng, inkludert å sikre at forskriftsbestemmelsane om arbeid som kan medføre fare for vald og trugsmål blir følgde.
  • Lage ein plan for korleis kommunen kan betre leggje til rette for private arbeidsplassar.
  • Stille krav om at serveringsstader som vil ha skjenkeløyve skal betale tariff-lønn.
  • Gi dei tilsette i eldreomsorga meir tid og fridom til å ivareta brukarane sine behov, og fjerne “stoppeklokkeomsorg” og målstyring.

I tillegg bør den såkalla “Toyota-metoden” prøvast ut. “Toyotametoden” er ein samlebetegnelse på metodar utvikla i industrien for å sikre effektive arbeidsprosessar. Metoden skal eliminere sløsing og arbeide for at ressursane blir brukt på det viktigaste for brukaren. Metoden legg stor vekt på å involvere dei tilsette og er velkjent metodikk i norsk industri, men lite brukt i offentleg sektor.

Det har også vore gjort vellykka forsøk på andre skiftordningar enn det som er vanleg i offentleg sektor. Mellom anna har innføringa av “oljearbeidarskift” vore vellykka der dei har blitt prøvd, men det er noko ein ikkje skal “presse nedover hovudet” på dei tilsette utan å ha ei grundig diskusjon om dette med fagorganisasjonane.