Seniorpolitikk – leve heile livet

Haram Venstre vil opprette en egen omsorgstrapp for Nordøyene, Paolo Bendandi on Unsplash

Haram Venstre meiner at eldreomsorga må styrkast. For å skape eit meir variert tilbod innan eldreomsorga må ideelle organisasjonar og private bli ein naturleg del av det offentlege tenestetilbodet.

Kommunen kan ikkje aleine bære dei høge forventningane som ein stadig eldre befolkning vil ha til det offentlege tenestetilbodet. Kommunen må i større grad enn i dag skilje mellom helsetenester og omsorgstenester. Sistnemnde må private og frivillige i større grad enn i dag ta seg av.

Alle som treng omsorg, skal få høve til å bu heime så lenge som mogleg. Eigen bustad og eit tenestetilbod som er tilpassa individuelle behov, gir tryggleik og vil redusere behovet for institusjonsplassar.

Eldre må i langt større grad få høve til å ha innflytelse på innhaldet i tenestene dei får frå det offentlege. I tillegg til å arbeide for nok og gode sjukeheimsplassar, må det etablerast alders-/seniorheim og fleire omsorgsbustader for dei som treng eit mindre pleieintensivt tilbod.

Eldre er like individuelle som alle andre.

Haram Venstre vil:

  • Ha systematisk etter- og vidareutdanning av helse- og omsorgspersonell for å halde oppe kvaliteten i eldreomsorga.
  • At fleire legar og sjukepleiarar med kompetanse på samansette sjukdommar og lidingar blir tilsette på sjukeheimen.
  • At frivillige organisasjonar og private som ønskjer å drive gode faglege helsetilbod må få større forutsigbarheit når det gjeld drift og avtalar.
  • Bygge om Lepsøy skule til omsorgsbustader med eit naturleg aktivitetssenter for eldre i dei noverande spesialromma på skulen.
  • Jobbe for meir effektiv organisering og drift av omsorgssektoren i Haram.
  • Satsa på velferdstilbod til seniorar, som “Den kulturelle spaserstokken”, senioruniversitetet og støtte opp om frivillige organisasjonar som organiserer aktivitetar for eldre.
  • Bygge 80 seniorbustader fordelt utover kommunen men samla på kvar stad.
  • Opprette eiga omsorgstrapp for Nordøyane slik at dei næraste og kjære kan besøke sine utan å betale skjorta for å kome seg gjennom bommene.
  • Flytte ei av avdelingane ved Brattvåg sjukeheim til Haramsøy.
  • Oppgraderer ein avdeling ved Eidet omsorgssenter til sjukeheimsavdeling.