Stedsutvikning – Godt å bu i Haram

Venstre fikk ikke med seg de andre partiene i formannskapet i Haram på utredning av løpende barnehageopptak., Mark Stosberg on Unsplash

Haram er i vekst, og det skal leggjast til rette for fortetting og nye bustader i mange delar av kommunen. Det er plass til mange nye bustader i Haram utan at kommunen flyt ut som ein einaste stor forstad.

Nye bustadstraum må først og fremst etablerast gjennom punktvis fortetting, slik at ein kan byggje gode nærmiljø med mindre transportbehov. Nedbygginga av dagens grøne- og matjordsareal må stoppast, og fellesareal og strandsona må i størst mogleg grad vere tilgjengeleg for allmennheita.

Ein grøn og open kommune er ein god og ålreit kommune.

Haram Venstre vil:

  • Sjå på moglegheita for å etablera fleire lysløyper, og arbeide for fri ferdsel for gåande, skigåande, syklande og ridande i dagens løyper.
  • Fortsett opprusting av Kyststien og sørge for gjennomgåande turvegar i kommunen.
  • Si nei til initiativ som stenger folk ute frå kyst- og strandsona.
  • Arbeide for at etterbruken av dei nedlagde skulane er til det beste for befolkninga gjennom utvikling av bustader, næring og grøntområde.
  • Etablere ein kartleggings- og tiltaksplan for naturmangfald i Haram, og verne område med raudlista artar eller naturtypar.
  • Aktivt nytte stadanalysane frå lokalsamfunnsutvala og arbeide for gode idretts-, rekreasjons- og grøntområde i samanheng med planarbeid.
  • Utvikle Eidet som områdesenter for Nordre Sunnmøre.
  • Auke innbyggjartalet i Haram med 2000 innbyggjarar dei neste 10 åra – først og fremst på Vatne, på Eidet og i Tennfjorden.
  • At kommunen skal vere i første rekke når det gjeld å legge til rette for å utnytte moglegheitene som kjem på grunn av etableringa av Digerneset – mellom anna eit evt fengsel der.
  • At kommunen skal utarbeide ein plan for utbygging av nye leilegheiter for alle etableringsfasar og behov.
  • At kommunen skal vere ein offensiv pådrivar for vidare positiv utvikling på industriområda.