Haram Venstre ynskjer eigen naturbrukslinje på Nordøyane

Haram Venstre ynkjer naturbrukslinje på Nordøyane., Daniel Fazio on Unsplash

Skulane har blitt meir og meir teoretiske. Dei praktiske elevane fell frå, og mange føler skuletrettheita allereie tidleg på ungdomsskulen. Det at skulane er lagt opp til teoretisk flinke elevar gjer at det er dei teoretiske elevane som får gode karakterar, noko som igjen gjer at dei praktisk flinke elevane ikkje kjem inn på dei praktiske linjene på vidaregåande skulane.

Då Haram Venstres ordførarkandidat Christian Holstad Lilleng sette fokus på dette i eit innlegg i avisene for nokre veker sidan, vart innlegget delt over 5000 gonger. No ønskjer han at Haram kommune skal ta initiativ til å skape ein eigen naturbrukslinje på Nordøyane.

«Det er for få plassar på naturbruk i Møre og Romsdal i utgangspunktet, og når vi veit at det trengs over 4 i snitt for å kome inn på fiske og fangst andreåret skjønar vi at ikkje alle som ønskjer å jobbe innan ulike fiske eller fiskeoppdrettsyrker kjem seg vidare mot draumeyrket», fortel Lilleng.

Naturbruk er ikkje berre for å bli fiskar eller fagarbeidar i akvakultur, men ein har også moglegheiter til å bli gartner, agronom eller skogsarbeidar i tillegg til hovslagar, hestefaglært eller fagarbeidar i reindriftsfaget. «No er det vel ikkje så veldig aktuelt for Sunnmøringane å bli reindriftsfagarbeidar, men både fiske, fiskeoppdrett, gartneri og landbruk/skogbruk vil det vere stort behov for ikkje berre på Nordre Sunnmøre, men over heile landet», held Lilleng fram.

Lilleng er opptatt av at det ikkje nødvendigvis må vere fylkeskommunen som opprettar ein slik linje, men at han håper fylkeskommunen ser verdien i ein slik linje nettopp på Nordøyane. «Ein plassering på Nordøyane vil gi ein unik moglegheit til å blande saman fiske/fiskeoppdrett, landbruk/gartneri og hestefaget dersom ein ønskjer det. Dei fleste slike naturbrukslinjene spesialiserer seg på éin av linjene, og mister dermed moglegheita å ta vare på kysttradisjonene med kombinerte fiske- og jordbruk.»

Lilleng er opptatt av at mange av dei som går slike linjer ofte må på hybel for å gå på ein av desse skolane, slik at sjølv om Nordøyane er litt utanfor allfarveg, ser han ikkje det som noko problem. «Sjølv kjem eg jo frå Råde i Østfold, der ein av dei største naturbrukslinjene i landet ligg på Tomb vidaregåande skule. Her er det omlag 300 elevar frå heile landet, derav 170 elevar som bur på skulen sitt internat. Søkjarar med lang reiseveg har jo rett på bortebuarstipend.»

Lilleng legg vekt på at dette òg vil vera eit distriktspolitisk verkemiddel for å skaffe arbeidsplassar på øyane. «Vi har for få ikkje-teknologiske arbeidsplassar på øyane, så dette vil vera midt i blinken for utviklinga av øyane som bustads- og arbeidsområde, samtidig som det er ei linje som er høgaktuell for mange av skuleelevene i vår eigen kommune.».