La ungdomen få tilbake ID-huset!

AP, AP, SV og INP bryter valgløftene om skolene allerede ved første korsvei., Amir Hosseini on Unsplash

Verda blir mindre og mindre, og dei problema som syntest å vere så langt unna litle trygge Haram er no her i full monn. Den glade, trygge og beskytta oppveksten dei som var ungdommar for 10-20 år sidan hadde er trua av rusmisbruk, vald, auka press frå eit seksualisert og valdeleg mediebilete, fråskiljing, tidsklemma og auka forskjellar.

Aldri har ungdomen blitt forsøkt påverka frå så mange kantar som no.

Mellom 2008 og 2012 var ungdomsklubben i Brattvåg organisert under ID-huset med eiga stilling som var delt mellom kulturhuset og ungdomsklubben. Så vart det innvilga færre og færre timar til ungdomsarbeid, og i 2012 vart fritidsklubben nedlagt, og ungdommane mista si plass på ID-huset.

Den må ungdommane få tilbake.

Haram Venstre er svært positive til ungdomsklubbsatsinga i Brattvåg, men ser ikkje kvifor ein skal ha eige lokale til dette sidan ID-huset faktisk vart laga med eige ungdomsrom. Haram Venstre meiner det haster med å kome i gang med ungdomssatsinga også i Brattvåg.

Matias Hoem Bjurbeck

Ungdommane er vår viktigaste ressurs, og vi må ta vare på dei. Vi må som vaksne beskytte våre born og unge mot alt det vi slapp å ta omsyn til sjølve. Og har nokon allereie blitt negativt påverka av dette, så skal dei få hjelp til å kome seg ut av det så raskt som mogleg.

La oss starte med å la ungdommen få tilbake si rettmessige plass på ID-huset!

Matias Hoem Bjurbeck
Kumulert ungdomskandidat Haram Venstre