Haram Venstre seier NEI til pengesluket Badeland i Brattvåg sentrum

Badeland i Brattvåg sentrum , Illustrasjon frå SE-Arkitektur

Haram Venstre er det einaste partiet som klart og tydeleg seier eit klart NEI til bygging av Badeland i Brattvåg sentrum. Eit eventuelt Badeland vil kunne bli eit pengesluk av dimensjonar og vil vere ein katastrofe for skule, oppvekst- og helse- og omsorgstenestene i Haram kommune.

Nokon forsøker å skjule den reelle prisen på Badelandet: Prisen er ikkje 162,5 millionar som det blir oppgitt i innlegga frå Haram Høgre og Haram Arbeidarparti for ei stund sidan. Allereie så langt tilbake som i 2021 oppgav ÅKE (Ålesund kommunale eigedomsselskap) ein pris på 213 millionar kroner. Det er mest truleg at prisen vil ende opp på godt over 300 millionar kroner om det eventuelt blir realisert.

Analysar tilseier driftsinntekter på dette badelandet på 2 til 3 millionar kroner, ikkje 7 til 8 millionar kroner som tidlegare oppgitt. Når ein i tillegg tek med sterkt auka straumprisar og annan prisauke, vil det eventuelt føre til eit årleg underskot på 15-20 millionar kroner – noko som kommunen vil måtte ta frå budsjetta til mellom anna barnehagar, skular og eldreomsorg i alle år framover.

Vassverket gir ikkje ei krone – innbyggjarane gjer!
Det er i utgangspunktet positivt når Brattvåg Vassverk deltek med pengar i prosjektet, men det er ikkje det som faktisk skjer. Det ein faktisk gjer er å gå frå hus til hus i Brattvåg og krevje inn 1000 kr årleg i 15 år frå alle, uavhengig av inntekt.

Med andre ord bidrar åleineforeldre, minstepensjonistar og uføretrygda i Brattvåg like mykje som millionærane til ei bygning ein må betale for å få tilgang til. Det er uærleg å ikkje seie at pengane blir teke direkte frå folk sine lommebøker, ikkje frå ein reserve som allereie finst på Brattvåg vassverk si konto i dag.

Fylkeskommunen gjeng imot badeland i Brattvåg sentrum

«Vi har ut frå ei samla planfagleg vurdering kome fram til at planforslaget ikkje bør bli fremja for eigengodkjenning. Vi grunngir dette med at planforslaget i for stor grad vil vere i strid med lov, forskrift og rikspolitiske retningsliner, både planfagleg, vegfaglege og av omsyn til barn og unges interesser.» Det skriv fylkeskommunen si Johnny Loen og overarkitekt Anders Smith-Øvland i eit brev til Ålesund kommune i mars 2020 om bygginga av eit eventuelt badeland i Brattvåg sentrum.

Dei meiner det blir teke for lite omsyn til myke trafikantar, det er ikkje plass til kollektivtrafikk, og fylket påpeiker også store utfordringar med støy, solforhold og luftkvaliteten.

Katastrofalt for kommunale tenester
Med eit underskot på 15-20 millionar kroner som må dekkast på driftsbudsjettet til Haram kommune vil eit Badeland i Brattvåg sentrum bli ein katastrofe for dei kommunale tenestene. Dei 15-20 millionar kronene vil Haram Venstre heller bruke på skole og oppvekst- og helse og omsorgstenester.

 

Tilbake til forsiden.