Tenåringane våre fortener ein innandørs møteplass

Tenåringane våre har per i dag ikkje noko fast tilbod der dei kan møtast innandørs i Kvam i helgene. For dei som er i aldersgruppa under 18 år, er det ikkje noko tilbod der dei kan henge med vener eller få nye vener. Dette syns me i Venstre er leit og ynskjer å gjera noko med.

Nyleg fekk me nyhende frå Risør kommune om at elevar på ungdoms- og vidaregåande skule har deltatt i å bygge sitt eige ungdomshus, i samarbeid med lærarane, næringsliv, kommune og fylke https://byggmesteren.as/2023/04/25/elever-bygger-jubileumsgave-til-risor-bys-300-ars-jubileum/

Eit anna døme på eit godt tilbod til tenåringar finn me i Florø https://kinn.kommune.no/vare-tenester/kultur-idrett-og-fritid/kultur/haffen-ungdomshus/

Dette er noko me kan få inspirasjon frå til å utvikle og i Kvam.

Me har fått presentert av lokalavisa vår Hordaland Folkeblad, at det i Kvam er tilbod om innandørs møteplass for ungdom i dei fleste bygder utanom i Øystese og Norheimsund fredagskveldar. Alt dette er på frivillig basis og ulike lag og organisasjonar har tilbod til ungdomar som er aktive i deira miljø. I Norheimsund er ungdomsbasen bygd opp over mange år (open torsdag ettermiddag). Kanskje kan ungdomsbasen vera eit godt utgangspunkt som kan vidareutviklast saman med ungdomane sjølve, kommunen og andre? Ungdomsbasen er livssynsnøytral og har ein sentral plassering tett på busstopp.

Kva om det hadde blitt fast framsyning av filmar tilpassa målgruppa under 18 år kvar fredagskveld med open ungdomsbase fram til klokka 23? Kan me få eit samarbeid med natteravnane eller andre om dette? Kan me få til eit busstilbod som passar med opningstidene slik at ungdomane kjem seg heim på kvelden?

Me les på Kvam herad sine nettsider at kommunen ynskjer å premiere unge under 27 år for ikkje å melde flytting https://www.kvam.no/aktuelt/student-i-bergen.57572.aspx Kanskje lysta til å ha base i Kvam vil auka om ungdomen kjenner at kommunen og tek ansvar for møtestader i ungdomsåra? Uorganiserte samlingsplassar for ungdom kan bidra til å hindre utanforskap og einsemd. Me i Kvam Venstre ynskjer at kommunen skal satse på tenåringane våre, slik at dei får ei så god ungdomstid som muleg og får lyst til å returnere til Kvam etter endt utdanning. Kvam skal vere ein god kommune å bu i for alle aldersgrupper.

Me er mange foreldre som har opplevd at tenåringane våre har blitt mindre sosiale etter isolasjonen som vart påført dei under pandemien. Dei har mista mykje sosial læring i viktige utviklingsår. Frå forsking veit me at sosial støtte frå vener og jamnaldrande bidreg til å beskytta ungdom mot psykiske lidelsar (Hirch & DuBois 1992, Ystgaard 1997, Kapi, Veltsista, Kavadias, Lekea & Bakoula 2007) https://www.noisolation.com/no/research/consequences-of-social-isolation-for-children-and-adolescents

Tenåringar flest synes ikkje det er tilfredsstillande å henge med familien heile helga, dei har behov for å vere med sine jamaldringar. Me kan ikkje vere bekjent av at dei einaste tilboda ungdomane våre har i helgene, er å møtast ute i all slags ver.

Me i Kvam Venstre vil satse på tenåringane våre. Me ynskjer å bidra til at dei får eit godt tilbod i helgene, slik at me kan forebygge sosial isolasjon og einsidig samvære med vener via elektroniske dupedittar. No er det på tide at ungdomane våre får ei eigen stad å vere!

Kvam Venstre, 30. mai 2023
Anne Marie Øvrevik, Hogne Høysæter, May-Britt Almeland, Merethe Gauden, Torbjørn Eide, Leif Haraldson Aksnes

Publisert i Hordaland Folkeblad 4.6.2023