Miljø og natur

Å ta vare på naturen er viktig for Stryn Venstre. Som nasjonalpark- og
reiselivskommune er det viktig for Stryn å ha ein sterk miljøprofil.

Stryn Venstre vil:

  • Sikre at Strynevassdraget framleis blir verna og ikkje utbygd.
  • Begrense nedbygging av natur og etablere markagrense.
  • At innbyggjarane har tilgang til “grøne lunger” og friluftsområde i nærleiken av der ein bur.
  • Gjere naturmangfaldskartlegging i framkant av all arealplanlegging, for mellom anna å ta vare på biologisk mangfald.
  • Ha strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i utmark.
  • Arbeide for tilrettelagde område for stisykling.
  • Stille krav til estetikk for nye næringsbygg / fasadar / hyttebygg.
  • Stille krav om streng klima- og miljøsertifisering av alle nye bygg.
  • Jobbe for å redusere mengda miljøgifter og utslepp frå kommunal verksemd til luft, jord og vatn.
  • At kommunen set krav til kjeldesortering, gjenbruk og resirkulering i bygg- og anleggsbransjen spesielt og i næringsverksemd generelt.
  • Stille strenge klima- og miljøkrav i alle offentlege innkjøp og styrkekompetansen i kommunen om klimakrav i anbodsprosessar.
  • Støtte opp under tiltak som gjer at elektronikk heller blir reparert enn kasta.
  • Legge tilrette for meir produksjon og enklare distribusjon av lokalmat, cider, lokalt øl og andre nisjeprodukt.
  • Fremje både allemannsretten og allemannsplikta.
  • Verne om tilhøva for viltreinsstammen på Strynefjellet.
  • Vurdere krav til hytter med tanke på sjølvforsyning av straum.