Samskaping med næringslivet

En ung grønn plante spirer opp av en stabel mynter med en bysilhuett i bakgrunnen, og symboliserer næringslivets vekst og skatteinntekter som gir økonomisk fruktbarhet.
Foto: iStock

Haram kommune skal vere ein kommune som er ein føreseieleg støttespelar for næringslivet. Om det gjeld reguleringar, skjenketider eller opningstider, skal kommunen vere ein medspelar, og ikkje ein motspelar.

Kommunale avgifter og gebyr skal haldast på eit så lågt nivå som forsvarleg, og skal ikkje koste meir enn det tenesta faktisk kostar. Skjemavelde må avgrensast, og det skal vere enkelt å rapportere, søke om og klage på det som kommunen krev av næringslivet og befolkninga, elektronisk.

Kommunen er sjølv ein betydeleg næringsaktør, gjennom store innkjøp, vedlikehald og som arbeidsgivar for lærlingar. Vedlikehaldet av offentleg infrastruktur må systematisk betrast, og alle etterslep må minimerast. Kommunen må verte flinkare til å rekruttere og følgje opp lærlingar.

Haram kommune skal vere enkel og rettferdig for næringslivet.

Haram Venstre vil:

  • Nytte moglegheita for lågare arbeidsgivaravgift for landbruk-, fiske- og småbedrifter, samt arbeide hardt opp mot Stortinget for å utvide slik at Nordøyane kjem i ein sone med endå lågare avgiftssatsar.
  • Utgreie lågare formueskatt i Haram for å trekke til seg investorar og næringslivseigare
  • At eit gebyr ikkje skal vere på meir enn det tenesta faktisk kostar.
  • Gjenopprette eit næringsforum der sentrale politikarar og næringslivsrepresentantar møtest minimum kvar annan månad for å diskutere næringspolitikk og korleis tilretteleggje best mogleg for næringslivet i Haram.

 

Tilbake til forsiden.