Høyr her – Marit har noko ho vil dele med deg

Bruk stemmeretten din – og stem Venstre!

Betyr det noko for deg? Betyr det noko for meg?

Dei siste 20 åra har Kristeleg Folkeparti hatt ordførarvervet i Giske. Stabilt på den politiske toppen, altså. Kanskje synest du det er bra, at det er slik du vil ha det – det kjende og føreseielege. Vi vil ofte velje det.

Ved sist val, i 2019, var det berre 64 % av alle med stemmerett i Giske som nytta retten sin. Så lav deltaking er eit varsku og ein trussel mot demokratiet. Mange mister trua på politikarane og synes dei får alt for lite gjort. Opne og demokratiske prosessar tek tid. Vi veit korleis det er i land som ikkje har demokrati, der menneska ikkje får innsyn og ikkje kan uttale seg utan fare for liv og helse, og vert trua til tausheit og undertrykking. Slik vil vi ikkje ha det. Skal vi ha eit levande folkestyre, må vi ta vare på det, bruke stemmeretten, seie meininga vår, og gjerne sjølv ta del i politikken. Å få bidra til fellesskapet sitt beste, vere framtidsretta og å få vere med å utvikle heimstaden vår, er meiningsfullt.

Giske Venstre står for opne og demokratiske prosessar. Det er deg og meg det gjeld. Det er barna våre og framtida deira det gjeld, dei som skal ta over etter oss som har stemmerett no! Vi vil at fleire skal våge å engasjere seg i politikken og oppleve det som positivt. Difor er det svært gledeleg at vi har fått Barnas og Ungdommens kommunestyre. Dei har ei viktig røyst som vi vil lytte til. Vi snakkar ofte om kva barn og unge har behov for og kva utfordringar dei har, men dei beste innspela får vi frå dei sjølve.

Kommunestyret sitt ansvarsområde er omfattande med lovpålagde oppgåver innan pleie og omsorg, skule og barnehage, byggesaker, det skal leggast til rette for næringslivet. FNs berekraftsmål forpliktar også her i vår kommune. Kultur gir livskvalitet, og det friviljuge arbeidet som blir gjort på øyane våre skaper fellesskap og gode møte mellom menneske. Alt handlar om å skape eit godt samfunn der det er godt å leve og bu heile livet.

Eg stiller stolt som ordførarkandidat for Giske Venstre! Det er sjølvsagt med stor spenning og respekt for ei slik oppgåve. Om du stemmer Venstre ved valet, kan eg kanskje bli din nye ordførar. Den oppgåva er eg klar for å ta. Eg er van med lange arbeidsdagar, og både som mor og sjukepleiar er eg van med å stå vakta ut. Mi erfaring i Venstre er at det er kort veg til partiet sine stortingsrepresentantar og Venstre sin hovudorganisasjon, når lokallaget har behov hjelp og støtte, eller treng å lyfte viktige lokale saker til eit høgare politisk nivå. Dette opplever eg som ei god støtte, og eg er stolt av å vere ein del av Venstre og dei grunnleggande demokratiske verdiane. Alt heng saman med alt, også i politikken, både lokalt, i fylkeskommunen og nasjonalt.

Kanskje finn du ikkje eit parti du er 100 % einig med – men nokså einig eller ganske einig er godt nok. Det viktigaste er at du brukar stemma di og deltek i valet.

Det er saman vi kan ta Giske framover!

 

Marit Vik
Ordførarkandidat for Giske VenstreOrdførarkandidat for Giske Venstre