“Det virka!”

Ordførarkandidat Christian Holstad Lilleng og Venstreleiar Guri Melby., Haram Venstre

“Det virka!” “Hæ? Kva då?” “Det virka! Han klarte det!” Eg stod på stand utanfor ein av butikkane i Haram då foreldreparet kom strålande bort til oss og nesten ropte ut: “Det virka!”

Son deira, som er blant desse gutane eg skreiv om i våres som eg ikkje klarte heilt å tilpasse undervisninga til fordi han var praktisk sterk, hadde klart det. Avtalen med mor og far var at han måtte levere inn bitte litt i kvar innlevering, ha meir praksis og elles skulle han få vera i fred frå meg som lærar. “Det virka! Fagbrevet i boks!”

Eg kjente tårene presse seg på, for eg hadde fått endå meir rett enn eg trudde; berre han vart ferdig med meg og ungdomsskulen så kom han til å bløma akkurat som eg roa ned ei fortvila mor på kontaktmøtet for ein del år tilbake.

Minst halvparten av dei som er i eit klasserom i Haram skal ikkje på høgskule eller universitet. I alle fall ikkje dei første fem-seks åra. Oftast er det opp mot 60% av dei som skal jobba seg fram til ein fagbrev på det vi kalla “yrkesskulen” i gamledagar.

Denne guten var, og er, definitivt i denne kategorien. “Veit du kva? Den skuleleie guten vår har byrja å prate om å gå meir på skulen!” Eg måtte le. Eigentleg var eg ikkje overraska, men latteren var mest fordi eg var letta over at han hadde funne si greie: han hadde funne ut at det var ikkje han det var noko gale med, men at det er skulesystemet i Haram og Norge som er riv ruskande galt.

Eg kjenner ofte, som eg har skrevet før, på skam over at eg som lærar ikkje klarer å tilpasse skulen til desse som er supersterke praktikarar. Praktikarar som klarte ting som tretten-fjortenåringar som eg framleis er milevis unna å få til, og som er flinke menneske utan å måtte halda nasa i bøkene til dei er 23. Når mor og far tusla inn i butikken måtte eg gå bak bilen og grine.

Stolte tårer denne gongen.

Det gjekk bra med guten, men eg veit at skal fleire få ein god utgang på dei første 13 åra på skulebenken så må eg yta mitt bidrag også som politikar og ikkje berre som lærar.

For å få til draumen om ein skule for alle stiller eg no som ordførarkandidat, og Haram Venstre går til val på å skapa ein grunnskule i Haram som førebur ungdomane for livet, og ikkje berre for universitetet.

Difor vil Haram Venstre innføra ein praktisk linje ved Haramsskulane. Enten ved å ha eigne praktiske klassar på ungdomsskulane, men helst i samarbeid med Haram vidaregåande skule slik at dei kan gjennomføra sitt tiande skuleår på verkstaden der med same læringsmål som dei teoretikarane.

Alle skjønar at dei kjem til å læra meir då, og at det blir lettare å koma seg fram til fagbrevet seinare fordi dei ikkje har blitt så skuleleie som dei kunne ha blitt.

For eit menneskeliv er ikkje meir verd om ein er flink i realfag enn om ein er rå med hendene.

Kanskje treng enkelte både to og tre forsøk for å få det fagbrevet eller kompetansebeviset, men sjansen for å klare det blir større om vi skaper ein skule i Haram for alle.

Christian Holstad Lilleng
Ordførarkandidat Haram Venstre