Kvifor turisthytte i Fimreiteåsen naturreservat?

To personer i hengekøye i norsk natur
Kvifor skal me prioritere eit slikt initiativ, i verneområde, imot verneforskriftene?, Foto: Sogndal Venstre

Eit stort fleirtal i Sogndal kommunestyre vil, i framlegget til arealplan, ha turisthytte midt i naturreservatet på Fimreiteåsen. Statsforvaltaren har gitt løyve til ny kraftgate i området, då skal gamle mastepunkt vekk. Her vil alle partia, med unntak av Venstre og MDG, setje av areal til turisthytte.

Eit slikt tiltak er i strid med verneforskriftene. Venstre fremja at dette blei teke ut av arealplanen, men fekk berre støtte av MDG. Kvifor skal me prioritere eit slikt initiativ, i verneområde, imot verneforskriftene?

Fimreiteåsen er kjend som eit særmerkt og svært verdifullt naturområde. Her er verdifull gamal barskog og lauvskog, med rikt artsmangfald og eit viktig leveområde for ei rekkje raudlisteartar. Fimreiteåsen er eit eldorado for fugleinteresserte, med ei rekkje ugleartar, mykje storfugl og hønsehauk, og har eit imponerande rikt mangfald av spettefuglartar, også i nasjonal målestokk.

Venstre støttar samfunnsplanen sine mål om å leggja til rette for aktiv livsstil og friluftsliv. Fimreiteåsen er ikkje eit uberørt område, med kraftline og veg tilknytt denne. Men det er lite, nærast ingen utfart i området i dag. Ei turisthytte vil innebere ein heilt annan trafikk inn i verneområdet, ein type ferdsel som vil setje naturverdiane i området under press. Det er ein kvalitet i seg sjølv å ha område som er lette å ferdast i, utan at det blir utvikla i retning av ein destinasjon.

Det er positivt at kommunen samarbeider med grunneigarar om å leggje til rette for utfart, t.d. pilotprosjektet i Huksdalen på Leikanger. Visit Sognefjord har utarbeidd masterplan for reiseliv, med mål om betre tilrettelegging av typiske utfarts- og besøksområde. Desse initiativa må følgjast opp av kommunen. Venstre vil prioritere å leggje til rette i slike utfartsområde, ikkje gå laus på tiltak i naturreservat. Naturkommunen Sogndal treng ansvarlege miljøparti.

Stem Venstre!

 

Av Trude Risnes, Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart først publisert i Sogn Avis 24.08.23)