Venstre prioriterer leik og aktivitet for born og unge

Jente syklar på asfaltert sykkelbane
Venstre vil utvikla aktivitetsflater som styrkjer meistring, samhald og inkludering., Foto: Rekkje

Venstre vil sikra mangfald i kultur og idrett ved å leggje betre til rette for eigenorganiserte aktivitetar og møteplassar.

Ein eigenorganisert aktivitet kan væra ein skatepark, eit sykkelanlegg, eit stupetårn, ein tufte-park – noko som supplerar det organiserte aktivitetstilbodet, og gjev leik og eigentenking utan planlegging eller regi frå vaksne. Ein møteplass som skapar eit sosialt fellesskap for heile lokalsamfunnet, i staden for kostbare og arealkrevjande aktivitetsformer.

Venstre vil at alle skal kunne driva med aktivitetar uavhengig av økonomiske, kulturelle og etniske skilje.

Sjå til dømes til Kaupanger. På pumptracken samlast born og unge frå alle delar av samfunnet. Born frå den organiserte idretten blir kjend med born frå skulemusikken. Ungdommen som heng utanfor lokalbutikken, samlast no på pumptracken. Attmed kan ein spele frisbeegolf – ein aktivitet som får heile bygda ut i friluft utan behov for kostbart utstyr. Ein frisbee kan du kjøpe på lokalbutikken, eller arve frå din ivrige onkel.

Venstre vil at alle skal kunne driva med aktivitetar uavhengig av økonomiske, kulturelle og etniske skilje.

I ei tid kor mange ungdommar fell frå den organiserte idretten, og mobiltelefonen stel merksemda vår, søker dei unge etter andre arenaer for aktivitet. Å utvikla aktivitetsflater som stimulerer til leik og uorganisert aktivitet vil skape ei ny arena som styrkjer meistring, samhald og inkludering blant born og unge.

Dette vil me leggje til rette for i alle tettstadane våre – Stem Venstre!

 

Av Tove Taranger Knutsen, 4. kandiat for Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart først publisert i Sogn Avis 28.8.23)