Ørsta Venstre i valteknisk samarbeid med Ørsta SV

Are Folkestad, Ørsta Venstre. , Foto: Annika Brandal/Venstre

Ørsta Venstre og Ørsta SV har i dag signert ein felles avtale om valteknisk samarbeid for kommunestyreperioden 2023-2027.

Avtalen inneber at Venstre vil få eit fast medlem i Formannskapet med varamedlemmer frå SV. Samtidig vil SV få fast medlem i Samfunnsutvalet og Levekårsutvalet. Varamedlemmene til dei to utvala vert jamt fordelt mellom partia. I tillegg er det semje om at dei to partia kan fremme felles kandidatar til andre utval og posisjonar.

Som kjent har Venstre tidlegare blitt invitert med i eit valteknisk samarbeid med fleirtalskoalisjonen (H, SP, AP). Ørsta Venstre støttar Per-Are Sørheim som ordførar for den komande perioden og har god tru på at denne koalisjonen utgjer eit godt utgangspunkt for å løyse dei utfordringane som Ørsta står overfor dei komande åra.

Når vi no likevel vel eit anna valteknisk samarbeid, har Venstre sitt hovudfokus vore å utføre det oppdraget vi har fått frå våre veljarar, nemleg å posisjonere oss best mulig for å få gjennomslag for vår politikk. Vi meiner at ein fast plass i formannskapet vil gjere det lettare å vere synlege og tydelege på kva som er Venstre sin profil og dermed bidra til å forme politikken dei komande åra.

Tverrpolitisk samarbeid har vore tema for alle partia gjennom valkampen. Ørsta Venstre ser det derfor som positivt at vi gjennom eit valteknisk samarbeid med SV bidrar til at også dei med sin auka oppslutning vil vere representert i hovudutvala.

Venstre står ganske nær Høgre i mange saker og ønsker å halde fram eit godt samarbeid i dei fleste sakene. Samtidig er det naturleg for miljøpartiet Venstre å ta grep for at grøn politikk blir mest mulig synlig også i Ørsta. Vi meiner til dømes at Ørsta bør ha større ambisjonar for å ta ansvar lokalt for vern av verdifull natur samtidig som vi legg til rette for utvikling og grønt næringsliv.

Vi er utolmodige når det gjeld realisering av tiltak for å sikre trygge skulevegar og vi er opptatt av born og unge sine vilkår, spesielt gjennom satsing på forebyggande tiltak. Vi opplever at SV deler mykje av vårt syn i desse sakene og ser det derfor som positivt at også deira stemmer er representerte i utvala.

Are Folkestad, Ørsta Venstre