Venstre er bekymra for utgiftene som kjem grunna det nye avløpsdirektivet

Det nye avløpsdirektivet kan bli dyrt både for kommunen og for dei private. , Foto: Haram Venstre

Framlegget til nytt avløpsdirektiv frå EU inneheld nye og strengare krav til handtering av avløpsvatn. Dette vil gje store utgifter både til kommunen og private hushald i Haram. Dette bekymrar Haram Venstre

Data registrert i Vann-nett viser at det er nærare 1100 elvar og bekker i Noreg som ikkje når miljømålet for nitrogen etter vassforskrifta, og NIVA viser til at det er minimum 150 innsjøar som har for høgt innhald av nitrogen og som av den grunn heller ikkje når miljømålet. Nærare 300 innsjøar når ikkje miljømålet for fosfor. Utviklinga i fleire av innsjøane våre, elvar, og ikkje minst i Oslofjorden, gir aukande grunn til bekymring.

Hovudprinsippet har til no vore at krav til reinsing skal vere tufta på eit mål om å oppnå god tilstand i vassførekomsten, i tillegg til å verne folkehelsa og ivareta brukarinteresser. Målsetjinga, uavhengig av kvar vi bur, er å sjå til at avløpsvatnet vert samla og reinsa før det vert sendt tilbake i naturen.

Full gjennomføring av forslaga til revidert direktiv vil føre til ein stor reduksjon i utsleppa av organisk materiale, nitrogen, fosfor og mikroforureining, som t.d. miljøgifter, legemiddel og mikroplast, til både ferskvassresipientar og kystområde. Auka reinsing av avløpsvatn vil føre til betre vasskvalitet. Det kan bidra til å redusera reinsekostnadar for drikkevatn, betre kvaliteten på vatn brukt til landbruksføremål og akvakultur, og vera positivt for rekreasjonsformål som bading og fritidsfiske. Betre høve for fritidsfiske kan og gi inntekter for grunneigarar og lokalsamfunn. Venstre støttar difor innføring av nytt direktiv.

Fristane for å overhalde krava i det nye direktivet er relativt korte, men etter handsaming i det europeiske rådet er det foreslått flytta frå 2030 til 2035. Dette gir meir tid til å gjennomføre nødvendige investeringar.

Noreg har eit stort etterslep av gjennomføringa av dagens avløpsdirektiv i motsetning til nabolanda våre Danmark, Sverige og Finland. Rundt 2/3 av norske avløpsanlegg oppfyller ikkje dei eksisterande krava til reinsing av avløpsvatn, slik dei er fastsette i avløpsdirektivet. I tillegg vil behovet for å tilpassa vatn og avløp til meir ekstremvêr som følgje av klimaendringar. Anslag frå Sintef og Norconsult tilseier til dømes at det framover vil vera behov for investeringar på rundt 332 milliardar kroner dei neste to tiåra.

Kommunane kan ikkje krevje betaling utover det drift og investering kostar. Spesielle forhold i Haram, som busettingmønster og topografi, gjer gjennomføring ekstra krevjande i vår kommune.

Verda er ifølgje FN inne i ei trippel planetær krise med klimaendringar, tap av naturmangfald og forureining. Betre reinsing av vatn er ein viktig del av løysinga på alle desse krisene. Venstre støttar difor eit nytt avløpsdirektiv. Samtidig vil både nytt avløpsdirektiv og klimaendringar bidra til betydeleg auka kostnader for vass- og avløp, særleg for ein del mindre kommunar med busetjing over store områder slik som Haram.

Haram Venstre vil difor, i neste formannskapsmøte, be kommunedirektøren om ei gjennomgang av kva for planer ligger klare for at Haram kommune skal kunne oppnå krava i det nye avløpsdirektivet og kva vil dette koste kommunen og innbyggjarane.


Christian Holstad Lilleng
Haram Venstre