Venstre vil ha grøn pakke for næringslivet

Venstre vil ha grøn pakke for næringslivet
Venstre vil ha grøn pakke for næringslivet, Foto: Vard Søvika

– Det hastar med å få fart på klima- og miljøomstillinga av norsk næringsliv. Det er sjokkerande å sjå kor lågt regjeringa prioriterer grøn omstilling i næringslivet i sitt forslag til statsbudsjett for 2024, og med SV sine ekstra forslag om kraftig auka skattar og store kutt i Innovasjon Norge, blir situasjonen endå verre.

Det seier Venstres næringspolitiske talsperson Alfred Bjørlo, som varslar følgande grøn pakke for norsk næringsliv i Venstres alternative statsbudsjett

· Styrke Miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge: 115 mill NOK

· Ny utlysing i Grønn Plattform: 100 mill NOK

· Katapult-senter (testfasilitetar) for grøn skipsfart og helseteknologi: 38 mill NOK

· Grøn skipsfart: 20 mill NOK

· Styrka næringsretta forsking: 100 mill NOK

· Kutt i arbeidsgivaravgift og formueskatt for eigarskap i bedrifter: 12 mrd NOK

– Både Miljøteknologiordninga og Grøn Plattform er svært vellykka og viktige virkemiddel for å bistå norsk næringsliv med grøn omstilling. Saman med ein skattepolitikk som lar meir av kapitalen bli igjen i bedriftene, vil Venstre på denne måten styrke omstillingsevna i norsk næringsliv betydeleg samanlikna med regjeringa sitt budsjettframlegg, seier Alfred Bjørlo.