Gard Skulstad Johanson er innstilt som ny leiar i Bergen Venstre

Foto: Privat

Om valnemnda får det som dei vil blir 26 år gamle Gard Skulstad Johanson ny leiar i Bergen Venstre.

Gard tar for tida ein doktorgrad i medisin ved Universitetet i Bergen. Han har erfaring som vara og styremedlem i Bergen Venstre, har hatt ei rekkje verv i Unge Venstre og i bystyregruppa. Han har også vore styremedlem på Universitetet i Bergen.

– Gard er eit stort politisk talent, og har med truverd og engasjement snakka om korleis Bergen Venstre skal styrkje seg i åra som kjem, slik at vi igjen kan innta byrådskontora i Bergen. Det er det behov for, seier leiar i valnemnda, Peder Lofnes Hauge.

Med seg i styret får han Tor André Femtehjel og Anne Marit Pettersen som nestleiarar, Tallak Rundholdt som økonomiansvarleg, samt Amanda Schei, Tom Hiis Berg og Toril Eidesvik som styremedlemer.

– Vi meiner desse er dei rette til å ta organisasjonen vidare. Det er eit breidt samansett styret med tung erfaring frå politikk og næringsliv, seier Lofnes Hauge.

Innstillinga er i sin heilskap samrøystes.
Bergen Venstre skal velje nytt styre på årsmøtet sitt 3. februar.