Innstilling til nytt fylkesstyre i Vestland Venstre

Torstein Tvinnereim (Stryn) er innstilt som ny fylkesleiar. Torstein har brei politisk og organisatorisk erfaring. Torstein Tvinnereim, innstilt som ny fylkesleiar i Vestland Venste. Han sit i Venstre sitt landsstyre, er inne i sin 7. periode i Stryn kommunestyre, der to periodar var som varaordførar. Han er eit organisasjonsmenneske som har mykje erfaring med å drive styrearbeid og er motivert for å jobbe.

Torstein har store ambisjonar for Vestland Venstre, og ønskjer synleggjere politikk som er viktig for fylket og har mange idear om korleis ein kan jobbe for større medlemsvekst.

 

Ingrid N. Fjeldstad, innstilt som ny 1.nestleiar i Vestland Venstre Som 1. nestleiar er Ingrid Nergaard Fjeldstad (Bergen) innstilt. Ingrid har politisk erfaring som tidlegare byråd for byutvikling i Bergen, og sitt no i bystyret. Ingrid er ekspert i å drive valkamp og har vore leiar for valkampen i Stortingsvalet i 2021.

Ingrid er motivert til å gjere ein innsats for at Vestland Venstre skal levere eit godt resultat i Stortingsvalet 2025, og er tydleg
på at det er viktig å komme i gong tidleg. Ingrid er god til å sette seg kjapt inn i sakar og være synleg i media.

Jens Håkon S. Birkeland er innstilt som ny 2.nestleiar i Vestland Venstre

Som 2. nestleiar er Jens Håkon Birkeland (Voss) innstilt. Jens Håkon sitt i heradsstyret på Voss, er leiar i Voss Venstre, leiar av Liberale Studentar og har tidlegare vore nestleiar i Unge Venstre.

Jens Håkon er motivert for å gjere ein innsats for fylkeslaget, og har gode tankar om korleis ein betre kan følge opp lokallag og sikre aktivitet i heile fylket.

Innstilling til nytt fylkesstyre:

Fylkesleiar: Torstein Tvinnereim (Stryn), ny

1. nestleiar: Ingrid Nergaard Fjeldstad (Bergen), ny

2. nestleiar: Jens Håkon Birkeland (Voss), ny

Styremedlem: Guro Svenkerud Fresvik (Ullensvang), ny

Styremedlem: Alf Helge Greaker (Bømlo), attval

Styremedlem: Heine Johansen (Bergen), ny i dette verv

Styremedlem: Hilmar Eliasson (Kinn), ny

1. vara til styret: Øyvind Vik (Bergen), ny

2. vara til styret: Kjersti Ingolvsdotter Vevatne (Osterøy), ny

3. vara til styret: Anita O. Hoddevik (Stad), ny

4. vara til styret: Glenn Myklebust (Stord), ny

Agnes Hoshovde Bernes

Leiar i valnemnda til Vestland Venstre

907 87 545