Venstre ønsker ein plan for utflytting av 5000 statlege arbeidsplasser frå Oslo

Vestland Venstre meiner at Stortinget må vedta ein statleg plan for utflytting av statlege arbeidsplassar, med må om 5000 statlege arbeidsplassar frå Oslo. Minst 1000 av desse bør komme til Vestlandet.

Må lære av Danmark
Vestland Venstre ber regjeringa Iverksette eit krafttak for å motvirke den kraftige sentraliseringa til Oslo/Akershus regionen, som er i ferd med å trekke til seg investeringar og arbeidskraft frå heile landet. Heile 100.805 personar jobbar innan statsforvaltninga i Oslo og nabokommunane. Veksten i statlege arbeidsplassar i hovudstaden har vore på fleire tusen sidan årtusenskiftet. Regjeringa må gjere som den danske regjeringa gjorde i 2015, lag ein plan for utflytting. Med ei utgreiing og ein sentralstyrt prosess flytta regjeringa og Folketinget, med eit vedtak, heile verksemder og omlag 3900 statlege arbeidsplassar ut av København til fleire regionar/byar i Danmark.

Gode erfaringar frå tidlegare utflyttingar
Sist det vart gjennomført ei utflytting i stort monn var i Bondevik II-regjeringa rett etter tusenårsskiftet. Omlag 1500 arbeidsplassar vart flytta ut mellom 1960 og 2000. Erfaringane frå den utflytta er oppsummert i ein Norcerapport:

  • Hver statlig arbeidsplass som utlokaliseres genererer i snitt en lokal virksomhetsrelatert etterspørsel etter varer og tjenester lokalt på over 200.000 kroner.
  • Ingen av de utlokaliseringene vi har studert ser ut til å kunne kalles direkte mislykket.
  • Rekruttering av medarbeidere har i hovedsak gått greit.
  • Arbeidskraften er som regel mer stabil i de utlokaliserte virksomhetene enn den er i Oslo.

Alt for defensiv regjering
I Hurdalsplattforma seier regjeringa at alle nye statlege arbeidsplassar skal etablerast utanfor Oslo. Sålangt er fasit, 55 nye arbeidsplassar. 40 av desse er UD sin etat for eksportkontroll og sanksjoner som er lagt til Bærum. Vestland Venstre meiner desse burde vært lagt til Bergen som også var ønskt av næringslivet.

  1. mars fekk vi vite at regjeringa i tillegg skal flytte nye 15 årsverk i UD og Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid) til Førde.

Dette meiner Vestland Venstre er tannlaust, frå ei regjering som gjorde kampen mot sentralisering til ei kjernesak i valkampen 2021. Vestland Venstre ber stortingsgruppa ta initiativ til eit breitt forlik, som kan sikre at makta og statlege arbeidsplassar vert jamnare fordelt.

Kjelde: Kan statsråden opplyse hvor mange nye statlige arbeidsplasser som er etablert i Oslo og utforbi Oslo etter regjeringsskiftet?Altinget: Løvebakken

https://norceresearch.brage.unit.no/norceresearch-xmlui/bitstream/handle/11250/2676216/Rapport-2004-219.pdf?sequence=1