Arbeidet med FV60 må halde fram

No er det fylkesveg 60 sin tur. Når fylkeskommunedirektøren skal lage kuttliste, må ikkje FV60 stå på den lista.

Det uttalar Volda Venstre i ein årsmøteresolusjon. Det er stor semje om at det trengst ny FV60 mellom Hornindal og Stranda. Dessverre har det no spreidd seg uvisse om framdrifta av prosjektet.

Denne vegstrekninga er svært vikig for både innbyggjarar og næringsliv i Volda, Stranda og Sykkylven. Og i sommarhalvåret køyrer det busslast på busslast med turistar på denne vegen. Vi skal vere glade for at det ikkje har skjedd alvorlege ulykker, men vi kan ikkje halde fram med å lite på at det skal gå godt også i framtida.

FV60 har vore opp- og nedprioritert mange gongar, til stor skuffelse og frustrasjon for folket i dei berørte kommunane. vegen er i elendig forfatning, og med det store antalet tunge køyretøy som dagleg trafikkerer denne strekninga, må ikkje arbeidet stoggast denne gongen.