Fortsatt mye uavklart rundt Brattvåg fergekai

Fra "Utbyggingsutval for bygg og vegsaker 28.02.2024 - sak 05/24" i MR fylke, Skjermdump fra sakspapirer.

Under formannskapsmøtet i Haram kommune tirsdag kom det frem at det fortsatt er mye uavklart rundt Brattvåg fergekaiområde. For eksempel tar det fortsatt tid før planarbeidet for den nye fylkeskommunale fergekaien kommer igang, noe som kan forsinke byggeprosessen.

Venstre hadde tre grunngitte spørsmål under formannskapsmøtet tirsdag:

1) Hvilke av de nevnte tiltak mener ordføreren bør prioriteres i og med at det ikke er plass til både naust, innkjøring til småbåthavn, plasthaller, fergekai og oppstillingsplass på dette området?

2) Når starter reguleringen av området?

3) Hvem skal utføre planarbeidet og hvem skal betale for planjobben?

4) Ifølge papirene fra fylkeskommunen er det beregnet en kostnad på fergekaiene i Brattvåg og på Dryna på mellom 165 og 230 millioner kroner avhengig av valg av løsning. Det står ikke noe om kostnader på lande utenom biloppstilling og parkering; hvem skal betale for evt. annen nødvendig oppgradering i området?

Ordfører Vebjørn Krogsæter svarte følgende:
1. Innleiande i 2023 vart det forsøkt frå administrasjonen (gjennom møte med fylkeskommunen) å få til ein samla reguleringsplanprosess for det private naustområdet og fylkeskommunen sine planar om ny ferjekai. Dette vart ikkje mogeleg å få til, då Fylkeskommunen ikkje hadde midlar til regulering. Det vart lagt fram prinsippsak for Ålesund planutval – Politisk handsaming av planoppstart gbnr 329/209 Ferjevegen i sak 091/23 den 20.06.2024. Kommunedirektøren si innstilling var å frårå oppstart (då planane ikkje var i tråd med kommuneplanen, samt at planane kan medføre utfordringar for framtidige trafikale løysingar).

Vedtaket i planutvalet vart likevel å tilrå oppstart av detaljregulering. Administrasjonen er pålagt å gå vidare med planprosessen som vedteke i PU. Forhold som naust, avkøyrsel, ny ferjekai, oppstillingsplass for bilar, areal til gang,-sykkelveg, kø-fil for ferje, snuplass for buss er tema omtala i pågåande plansak. Plansaka skal til planutvalet, for vedtak om offentleg ettersyn på neste PU-møte. Der er gjort grep i planen for å sikre ein del av forholda, dei ein kan løyse innanfor plangrensa. Dei andre forholda må løysast i annan reguleringsplan. Det er ikkje snakk om prioritering av tiltaka nemnt i spørsmål 1, men planlegge slik ein får løyst alle tema og omsyn på ein tilstrekkeleg måte.

2. a) Regulering av naustområdet er starta, varsla oppstart på og planforslaget klart for planutvalet, for vedtak om offentleg ettersyn i neste Planutvalg (14. mai)

b) Fylkeskommunen si samferdsleavdeling har gjeve signal om at det likevel kjem søknad om regulering av området for ny ferjekai. Denne planen er ikkje levert planinitiativ for enda, ein veit difor ikkje når dette arbeidet vert starta opp.

3. Planarbeidet for naustområdet vert utført av Norconsult AS på vegne av grunneigar Heggøy og Skar AS og betalt av grunneigar. Arbeidet med regulering av ferjekaia skal utførast av Møre og Romsdal fylkeskommune, som også kostar dette planarbeidet, samt utbygginga av ferjekaia

Administrasjonen har ikkje informasjon om kostnadar av prosjekt med ny ferjekai og kva tiltak prosjektet totalt skal innehalde, då det ikkje er søkt detaljregulering eller dispensasjon for tiltaka på noverande tidspunkt.