Nominasjonsprosessen i Sogn og Fjordane

Foto: Flickr.com / KRD (CC BY-NC 2.0)

Nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane valkrins har ansvar for arbeidet med å samle inn innspel frå medlemar, intervjue kandidatar og innstille på kva kandidatar som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget i neste periode. Det er likevel nominasjonsmøtet hausten 2024 som avgjer korleis vallista til stortingsvalet i 2025 skal sjå ut.

Kandidatskjema: Still til val her

Send inn dine forslag til andre kandidatar her (bruk «kandidatskjema» over om du ønsker å melde frå om ditt eige kandidatur)

På denne sida finn du nominasjonsnemnda sin framdriftsplan, kven som sit i nemnda, og korleis du kan sende inn innspel.

 

Venstres nominasjonsnemnd for Sogn og Fjordane valkrins blei vald på årsmøtet til Vestland Venstre og består av:

Leiar: Jan Henrik Nygård, Kinn

Medlem: Anne Mette Helle, Sunnfjord

Medlem: Gunvald Ludvigsen, Stad

Medlem: Trude Risnes, Sogndal

Vara – Sigrid Svartefoss, Sogndal

Vara – Svein Olav Senneset, Bremanger

Vara – Vigdis Tonning, Sunnfjord

 

I tillegg møter Venstrekvinnelaget, Unge Venstre og Liberale Studenter med kvar sin representant.

Medlem: Dina Bovim, Unge Venstre

Medlem: Janne Elin Alsaker, Venstrekvinnelaget

Medlem: Kristoffer Birkeland, Liberale Studentar

Nemnda sin leiar kan bli kontakta på e-post [email protected]. (Obs! Innspel på moglege kandidatar vert berre mottatt og handsama ved bruk av skjemaet over.)

 

Nominasjonsnemnda sin framdriftsplan:

15.mai:

– Kandidatskjema og informasjon om prosessen vert publisert

– E-post ut til lokallag, sideorganisasjonar og medlemmer

– E-post går ut til kandidatar i 2021 med oppmoding om å fylle ut kandidatskjema dersom dei ønsker renominasjon.

15.juni:

– Kandidatskjema stenger

– Frist for å ha meldt om kandidatur dersom ein ønsker å delta i prøvenominasjonar.

– Frist for representant og vararepresentantar til å melde frå om dei ønsker attval.

– Ei liste over kandidatar til nominasjon vert publisert på nettsida (namn, tilhøyrsle, ønska plassering)

Veke 25 Første intervjurunde med kandidatar.

4.august – Presentasjon av føreslegne kandidatar vert publisert på nettsida (videoformat). Kandidatar vil få meir informasjon tilsendt når fristen nærmar seg.

10. august: – Styret i Vestland Venstre sender ut innkalling til nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane valkrins.

Veke 32 og 33:

– Lokallag og sideorganisasjonar held prøvenominasjonar. Eigen e-post om prøvenominasjonar vert sendt til lokallagsleiarar og leiarar for sideorganisasjonane. (Dette står lokallaga og sideorganisasjonane for sjølv)

– Frist for å sende inn resultat frå prøvenominasjonar til nominasjonsnemnda er utgangen av veke 33.

Veke 33 og 34:

– Intervjurundar med kandidatar

Seinast 24. august – Nominasjonsnemnda publiserer si innstilling til valliste for Sogn og Fjordane valkrins til stortingsvalet i 2025.

7. september – Nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane valkrins.