Eidet skule blir ofra – dei andre får (litt) meir

Eidet skule blir, som den einaste skulen i kommunen, ramma av eit massivt kutt., Foto: Jeshots/Unsplash

I valkampen vart vi overlessa med lovnader frå Sp, Ap og INP om at alle Harams-skulane skulle bestå. Elevane skulle få ein skule dei fortener, og tolærarsystemet skulle tilbake. No, halvanna år seinare, er to skular lagt ned, og kutta i skular og barnehagar har passert 15 % sidan 2023.

I 2023 hadde skulane og barnehagane eit budsjett på 208 millionar kroner. I 2024 var summen den same. For 2025 har Sp/Ap/INP/SV sett av 214 millionar – men med løns- og prisauke tilsvarar dette eit reelt kutt på nær 30 millionar kroner.

No ligg detaljane for skulebudsjettet 2025 på bordet, og nye Eidet skule kjem særs dårleg ut. Samstundes som Søvik skule (+0,5 mill.), Brattvåg barneskule (+1,9 mill.), Brattvåg ungdomsskule (+0,5 mill.) og Haramsøy skule (+0,8 mill.) får meir pengar, blir heile 6 millionar kroner kutta frå Eidet. Dette er pengar som skulle ha følgt elevane frå dei tre nedlagde skulane i Vatne/Tennfjord.

Vatne/Tennfjord-skulane har i fleire år vore hardt ramma av kutt. Ingen av dei har hatt assisterande rektor, i motsetnad til skulane i Søvika, Brattvåg og på Haramsøy. Likevel er talet på klassar hausten 2025 det same som våren 2024. Kvar meiner posisjonen at rektor Ole Lukkedal skal kutte?

I valkampen lovde Sp, Ap, SV og INP at Haram-skulane skulle skinne. Tolærarsystemet skulle tilbake, fleire lærarar skulle inn i klasseromma, og elevane skulle få betre utstyr og skulemateriell. Etter valet var det plutseleg slutt på handlekrafta. Trass i at politikarar kalla situasjonen på Brattvåg barneskule for ein «katastrofe», har lite blitt gjort.

Utdanningsforbundet slo alarm allereie i 2022 om utfordringane ved Brattvåg ungdomsskule. No blir rammene ytterlegare svekka. Frå 2019 til 2024 har talet på lærarstillingar i Haram gått ned frå 115 til 94 – ein dramatisk reduksjon.

No blir Eidet skule, som den einaste skulen i kommunen, ramma av eit massivt kutt. Heile 13 % mindre i budsjett samanlikna med 2024. Det betyr 8–9 færre lærarstillingar på ein skule der 26 % av elevane allereie har bekymringsfullt fråvær.

Eidet skule har eit budsjett på 82 849 kroner per elev. Til samanlikning har Brattvåg barneskule 108 852 kroner per elev, medan Søvik og Haramsøy ligg endå høgare, med 56 % meir per elev enn på Eidet.

Eidet ungdomsskulekrins har to barnehagar og éin skule. Brattvåg har fem skular og fem barnehagar. Haramsøy har éin skule og tre barnehagar. I Haram ser det ut til at lokalsamfunn blir straffa for å drifte skular og barnehagar effektivt.

Denne skulepolitikken rammar elevar, lærarar og familiar i heile Haram. Vi i Venstre vil halde fram kampen for ein rettferdig skulepolitikk der alle elevane i kommunen får dei ressursane dei treng.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre