Planutvalet – leia av Senterpartiet – har nyleg gjort omfattande endringar i den viktigaste planen for kommunen vår: Kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette er dokumentet som skal legge føringane for utviklinga i Haram dei neste ti åra. Men endringane, som gjeld alt frå arealbruk og næringsutvikling til folkehelse og miljø, er verken godt forankra eller opne for medverknad. Det er alvorleg.
Kommunedirektøren slår sjølv fast at store delar av endringane verken er behandla i arbeidsmøte, drøfta i samfunnsutvalet, eller gjort greie for i etterkant. Dei kom inn etter høyringsrunden, utan at folk flest fekk moglegheit til å meine noko. Dette er ikkje berre dårleg politisk handverk – det bryt med god forvaltningsskikk og undergrev tilliten til det politiske systemet.
Senterpartiet sitt handlingsmønster har no fått konkrete konsekvensar: Vi tapar tid. Vi påfører administrasjonen ekstraarbeid. Vi kastar bort pengar. Alt fordi Senterpartiet ikkje greier å gjere jobben sin som politikarar i tide. I staden for å bidra konstruktivt tidleg i prosessen, kjem dei no med omfattande omskrivingar heilt på tampen – noko som i realiteten viser mistillit til administrasjonen sitt grundige og fagleg gjennomarbeidde forslag.
Når ei setning som «Vi er ein ja-kommune!» blir brukt som pynt i planen – utan refleksjon over kva vi faktisk seier ja eller nei til – viser det ei manglande forståing for ansvarleg styring. I tillegg fjernar Senterpartiet formuleringar om psykisk helse, trass i at både fylkeskommunen og innspel frå høyringa understreka kor viktig dette er.
Dette er ikkje berre redigering – det er omskriving av kommuneplanen i siste liten, utan openheit, utan forankring, og utan respekt for både prosess og innbyggjarar. Det minner meir om politisk solospel enn ansvarleg utviklingsarbeid.
Vi i Venstre, Høgre og FrP meiner kommunestyret bør gå for kommunedirektøren sitt forslag til samfunnsdel. Det er grundig, fagleg godt forankra og tek opp i seg innspel frå både innbyggjarar og overordna mynde. Det vi ser frå Senterpartiet no, er ikkje styring – det er politisk kluss med store kostnadar for fellesskapet.
Haram treng ei styring som er føreseieleg, open og inkluderande. Vi krev difor at denne saka blir behandla på nytt i både planutval, formannskap og kommunestyre – og at planen blir sendt ut på ny høyring, slik det bør gjerast når det skjer så store endringar.
Vi skal vere ein ja-kommune, ja – men ikkje ein hastverkskommune. Innbyggjarane i Haram fortener betre enn dette.
Venstre, Høgre og Fremskrittspartiet i Haram
Christian Holstad Lilleng, Kathrine Pernille Beite og Caroline Kjerstad Grønli