Eg har prøvd å finne dei gode argumenta mot EU. Eg fann dei ikkje.

Bilde av tre flaggstenger som flagger med natoflagget, Eu-flagget og det Ukrainske flagget. Side ved side.
Foto: iStock

Eg har verkeleg prøvd. Prøvd å lytte, vere open, forstå kvifor så mange i Noreg er skeptiske til EU. For eg veit det – dei fleste er imot. Mange partifellar og engasjerte folk eg møter, spør: Men kva med suvereniteten? Kva med landbruket? Kva med at vi mister kontroll?

Og eg tar det på alvor. For det er ikkje småting vi snakkar om. Det handlar om kven vi er som land, og kven vi vil vere i framtida. Men kvar gong eg prøver å gå inn i argumenta, så endar eg opp med ei kjensle av at… det held ikkje heilt. Dei overtyder meg ikkje.

Ta dette med sjølvråderett. Eg skjønar det: Det er noko i oss som strittar imot å bli ein del av noko større, som vi ikkje har full kontroll over. Men veit du kva? Vi er allereie med. Gjennom EØS-avtalen følgjer vi reglar som EU bestemmer – utan å få vere med og forme dei. Vi sit på gangen og håpar dei høyrer oss. Det er ikkje det eg kallar sjølvråderett.

Eller ta landbruket. Mange fryktar at EU vil opne for billig import og rasere norsk matproduksjon. Eg skjønar den frykta – men ho bygger på eit premiss som ikkje stemmer. I EU finst det faktisk mange måtar å støtte bønder på – ikkje berre med tollmurar. Eg har sett døme frå land som Østerrike, der bønder blir støtta for å ta vare på kulturlandskap, dyrevelferd og natur. Det finst betre løysingar enn å halde fast ved frykta.

Og så er det dette med framtida. Vi veit ikkje kor EU er på veg, seier folk. Og det stemmer jo. Men veit vi kor Noreg er på veg? Kvar verda er på veg? Heile EU-prosjektet er tufta på samarbeid og demokratiske avgjerder. Dersom EU utviklar seg i ein retning vi ikkje likar, så har vi moglegheit til å vere med og påverke. Eller melde oss ut. Det er ikkje eit fengsel.

Eg trur det er på tide å vere ærleg. Dei vanlege motargumenta mot EU – dei fell litt saman når ein ser nærare på dei. Og det som står att, er dette: Vi har ei historisk moglegheit til å vere med og forme eit fellesskap vi uansett er avhengige av. Til å stå sterkare i møte med klimakrisa, tryggleiksutfordringar og urettferd i verda.

Eg trur vi er klare for det. Og eg håper fleire vil vere med og ta det steget.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre